Bridge er enkelt. Samstundes er det svært vanskeleg. I Noregs kamp mot Belgia i EM greidde Tor Eivind Grude ei prøve som kan verke lett – iallfall for ein spelar i ein europameisterskap – men like fullt bomma belgiaren på det andre bordet.
| K E D kn 8 3 9 2 K kn 8 7 6 | | D kn 10 9 6 5 kn 10 7 5 4 E 9 | | |
| Vest | Nord | Øst | Syd | Grude | B. Dehaye | Helgemo | C. Dehaye | | | pass | 1 kl | 1 sp | 3 hj1) | 4 sp | 5 kl | pass | pass | pass | |
1) Kløverstøtte og hjarterfarge
Utspelet er eigentleg ikkje ein del av oppgåva. «Always lead your singelton,» seier ei gamal jungellov som nok er mellom dei beste tommelfingerreglane vi har i bridgen, og her er ikkje den pene sekvensen i spar nok til å avvike frå regelen – hjarter må ut.
Speleførar bed om esset i bordet, makkeren din fylgjer med toaren, og så kjem kløver konge. Makkeren din legg tiaren, og du stikk. Kva no?
Det er eit velkjent problem. Skulle sør ha både spar og ruter ess, er det ingenting du kan gjera, men har makkeren din eit av essa, må du no få han inn på dette esset slik at han kan gje deg ei hjartersteling. Men kva ess trur du han har?
Utan gode avtaler og/eller gjensidig sunn bridgelogikk i makkerskapet, er dette bortimot reint gjettverk. Makker har jo ikkje fått høve til å hjelpe deg med noko kast i ein sidefarge – kløver ti er fort ein singelton, og i hjarter la han vel berre styrke, eller? Det er kanskje mest sannsynleg at han har spar ess, sidan han støtta sparen din i meldingsforlaupet?
Vel, det logiske er å ikkje bruke styrke/svakheit i hjarter her. Når nord har meldt hjarter og vest likevel spelar denne fargen ut, «veit» aust at det er ein singelton, og påspelet hans i fyrste stikk bør vera lavinthal, fordi det viktige er å fortelja utspelaren kva han bør skifte til når han kjem inn, med tanke på å kunne få ei steling.
| K E D kn 8 3 9 2 K kn 8 7 6 | | D kn 10 9 6 5 kn 10 7 5 4 E 9 | | 8 7 4 3 10 9 7 6 2 E 6 3 10 | | E 5 2 K 4 K D 8 D 5 4 3 2 | |
Grude fann skiftet til ruter (tiaren, berre for å vera hundre prosent sikker på at makker ikkje finn på å spela ruter tilbake), og Helgemo stakk med esset og gav makker hjarterstelinga og beita. Hadde Helgemo hatt spar ess i staden for ruter ess, måtte han ha lagt ein høg hjarter i fyrste stikk.
Eit ørlite triks frå speleførars side kunne kanskje ha vore å prøve hjarter åtte frå blindemann i fyrste stikk, for å narre aust til å dekkje heller enn å leggje lavinthal. Det verkar òg gunstigare å spela kløveren frå handa, i og med at vest nokre gonger kan finne på å leggje lågt frå esset dobbel.
På det andre bordet la den belgiske sør liten hjarter hjå blindemann i fyrste stikk, og av ein eller annan grunn fylgde aust med seksaren heller enn toaren før sør stakk med kongen. Vest stakk fyrste kløver med esset, men skifte deretter til spar, og kontrakten fauk i hus.
12 IMP til Noreg, eit pent bidrag på veg mot siger 51–8 i kampen, 18,44–1,56 i VP.
Av Erlend Skjetne |