Vest Nord Aust Sør
P. Patreuha Nyström Jassem Helgemo
pass 2 kl1) 3 gr
pass pass pass
1) Båe major
Vest Nord Aust Sør
Madala Golebiowski Bilde J. Patreuha
pass pass 1 kl1)
1 ru pass 1 sp 2 kl
3 gr pass pass pass
1) Polsk kløver, kan vera litt ymse
Her ser vi meldingsforlaupet på dei to borda i oppgjeret mellom det krutsterke sponsorlaget Leibowitz og heilpolske AZS Wratislawia i ope VM lag. Dette var andre utslagsrunde etter grunnspelet. Overraskande for dei fleste tapte lag Leibowitz denne kampen, og var dimed ute av tevlinga. Polakkane spela godt, og dette var mellom gevinstspela deira.
Lagkameratane Madala og Helgemo gjorde kvart sitt byks her. Madala sitt var temmeleg forståeleg – han kunne jo telja ni stikk med til dømes spar ess hjå makkeren – medan Helgemos friske sats neppe er alle sin kopp te.
Med kløver ut var det umogleg for Madala å få meir enn åtte stikk.
Mot Helgemo kika unge Patryk Patreuha ned på fire temmeleg sikre sonebeiter i 3 grand, og sa seg nøgd med den scoren heller enn å doble og risikere eit uttak.
400 inn mot 3 grand på det eine bordet, 50 mot same kontrakt på det andre, gav til saman polakkane 10 IMP, i ein kamp dei til slutt vann 138–104.