AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Godt samarbeid
Dei som har fylgt nøye med på EM i Herning, vil kanskje hugse eit spel der Boye Brogeland hamna i hardt vêr etter å ha dobla Stayman med ess, dame, ti fjerde i kløver. I eit spel mot Sverige utspelsdobla han på ein endå tynnare farge – vel å merke eit hakk høgare. Kombinert med ei god speleføring av Geir Helgemo på det andre bordet gav dette ein utgangssving inn til Noreg.   

 
K 9 8 4
4 3 2
7
10 8 7 6 4
 
kn 7 5 2
10 9 7 6
9 8 4
kn 3
3
K 8
E kn 10 6 5 3 2
K D 5
 
E D 10 6
E D kn 5
K D
E 9 2
 
 
VestNordØstSyd
BakkeM. RimstedtBrogelandO. Rimstedt
2 kl
pass2 rupass2 gr
pass3 kl1)dbl3 ru2)
pass3 hj3)pass4 sp
passpasspass
1) Puppet-Stayman
2) Ein eller båe firekorts major
3) Firekorts spar


Brogelands sjukortsfarge vart altså ikkje nemnd, medan konge, dame tredje kom seg inn i leiken. Såleis fann Christian Bakke kløver knekt ut, til esset hjå Ola Rimstedt.

Det er fleire vegar heim her, men med utspelet oppstod ein problematikk som ikkje vart aktuelt på det andre bordet. Rimstedt byrja med å cashe ess og dame i spar, ingen dum start. Så fylgde også spar til niaren, og hjarter til dama. Alle minorkorta Rimstedt hadde på handa no, kunne han fint ha spela og enno vunne kontrakten. Men det var sjølvsagt ikkje usannsynleg, frå hans ståstad, at kløver knekt var ein singelton. Det var altså ein fare for at Bakke kunne få ei steling på spar knekt.

Det Rimstedt fall ned på, var ganske enkelt å spela den fjerde trumfen til bordet og ein ny hjarter mot handa. Han måtte no i realiteten ha hjarter konge tredje i kapp. Slik sat det ikkje, og det vart beit.

På det andre bordet melde Helgemo–Grude heilt utan lyd frå motparten til 4 spar, og Simon Hult byrja med hjarter ti til kongen og esset, ein hyggeleg start for Helgemo.

Ess og dame i spar fylgde – gode og dårlege nyhende. Helgemo heldt fram med ruter konge til esset, og Peter Bertheau spela hjarter tilbake til dama. No tok Helgemo ruter dame og kasta ein hjarter i bordet, for å gardere seg mot ei steling der. Så spela han liten kløver.

Hult vann med knekten og spela trumf; niaren i bordet vann stikket. Helgemo heldt fram med kløver til esset og kløver – Hult kasta ein hjarter – og Helgemo hadde full kontroll på situasjonen: Bordet var godspela, og på handa fanst enno den høge hjarter knekt.

Inne på tredje kløver hadde Bertheau berre ruter att. Helgemo stal ruteren på handa. Hadde Hult no vore i stand til å stela over, ville bordet òg ha stole over og teke to kløverstikk. Då Hult måtte fylgje farge, forsvann i staden ein kløver i bordet, og så kom hjarter knekt i spel – Hult var like fanga.

Spelet gav 12 IMP til Noreg i ein kamp dei til slutt vann 48–23 i IMP. 

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger