AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Sterke indisium
Dei nye noregsmeistrane i veteranklassen heiter Stein Bjerkset og Per Haltbrekken, og høyrer til i høvesvis Berkåk og Lundamo bridgeklubb i Sør-Trøndelag krins. Vi skal sjå eit spel frå den siste og avgjerande runden i NM veteran, der Bjerkset–Haltbrekken helst måtte ha nokre gladscorar for å vinne.   

 
E D 10 6 4
K 5 4
E 10 2
kn 8
 
8 7 3 2
D 9 8
D 8 5 4
K 7
K 5
6
kn 9 7 3
E D 10 4 3 2
 
kn 9
E kn 10 7 3 2
K 6
9 6 2
 
 
VestNordØstSyd
BjerksetHaltbrekken
pass1 sppass (!)2 hj
pass3 hjpass4 hj
passpasspass


Eg har ikkje mykje sans for passen i aust over 1 spar, men pass vart meldt. Haltbrekken strekte seg til 2 hjarter, då han etter systemet hadde høve til å gjenmelde 3 hjarter i neste runde for å syne ei invitthand. Då Bjerkset lyfte til 3 hjarter, som er sterkare enn 4, måtte Haltbrekken melde utgang.
 
Vest byrja med ruter fem, som gjekk til liten, niaren og kongen. Ettersom sør har ein vidopen kløver og kan bli avhengig av å stela ein kløver i bordet, kan det bli svært uheldig å til dømes ta to store trumf straks. Som vi skal sjå, finst det òg ein annan god grunn til å dryge med den sorten.
 
Haltbrekken spela i staden spar knekt, som gjekk rundt til kongen. Det var forståeleg og for så vidt lurt at aust no prøvde kløveren, men måten han gjorde det på, vart kostbar: Han la ned kløver ess og kløver dame, som vest måtte stikke med kongen.
 
Hadde aust greidd å spela liten kløver fyrste gong, eller vest greidd å avblokkere kongen under esset, kan forsvaret beite med makt ved å spela ein tredje kløver, som vest kan stela og bordet må stela over. På den måten blir hjarter dame eit stikk. Men slik det no gjekk, kom vest inn på kløver konge utan meir kløver å spela; han heldt i staden fram med liten ruter.
 
Vest kan sjølvsagt gå ut ifrå at aust har kløver ti når han spelar kløver dame over knekten i bordet, og kan sånn sett trygt stikke over med kongen frå diverse kløverlengder. Men folk flest spelar no ein gong ganske enkel og rett fram bridge, og Haltbrekken tolka det som skjedde i kløver som at aust sannsynlegvis byrja med seks av sorten. Så tyda småkorta i ruter på at han kunne ha byrja med fire der, og singel spar konge hadde han nok heller ikkje, for i så fall hadde vest sikkert spela spar inne på kløver konge. I sum peikte dette klårt i retning av kort i hjarter i aust. Eit anna aspekt var at aust – openbert ein konservativ spelar – kanskje ville ha meldt inn om han hadde hatt hjarter dame i tillegg til alle andre honnørpoeng han så langt hadde synt fram.
 
Kort sagt fann Haltbrekken trumfdama, og vann såleis kontrakten sin. 420 gav mykje pluss i rekneskapen, og kort tid etter kunne dei blide trønderane stille seg øvst på podiet. Sylvet gjekk til Odd A. Frydenberg–Trond Wiborg, bronsen til Jon-Egil Furunes–Jan Mikkelsen.
 
Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger