AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Undervurdert melding
Overskrifta er ein allusjon til ein floskel visse bridgespelarar elskar å lire av seg: «Pass er ei undervurdert melding.»
 
Dei som seier det, er gjerne av ein gamal skule, og meiner at folk i dag melder altfor mykje. Det er nok ikkje ein filosofi ein kjem så langt med i moderne bridge, der dei beste spelarane ser ut til å vera samde om at pass tvert imot er ei overvurdert melding.
 
Men når dette er sagt, er lite så tilfredsstillande som ein pass i rette augneblink.    

K 9 7 6
10 8 5
E K D
K 5 4
 
VestNordØstSyd
pass1 sp
?


Kva hadde du gjort her? Eg trur nok dei fleste hadde slengt inn 1 grand på farten. 15 honnørpoeng, balansert hand med sparhald, er det noko meir å tenkje på? Vel, la oss sjå kva som skjedde då italienske Massimiliano Di Franco melde inn 1 grand mot Noreg i grunnspelet i World Bridge Games i Buenos Aires:

 
2
D 7 6
kn 10 8 7 2
D 9 8 3
 
K 9 7 6
10 8 5
E K D
K 5 4
E 8
3 2
9 7 5 3
kn 10 7 6 2
 
D kn 10 5 4 3
E K kn 9 4
4
E
 
 
VestNordØstSyd
Di FrancoHoftaniskaMannoCharlsen
pass1 sp
1 grpasspass3 hj
pass4 hj passpass
pass

 
3 hjarter frå Charlsen gjorde susen. Ein fattig 2 hjarter hadde kanskje ført til rundpass, men no greidde Hoftaniska sjølvsagt å lyfte, og soneutgangen stod med eit overstikk.
 
På det andre bordet sa Christian Bakke i vest pass på 1 spar! Grunngjevinga får du nesten be han sjølv om, men det er klårt at 15 flate mot ein passa makker gjev relativt dårlege sjansar for utgang, og utom sona er det ikkje livsviktig å melde absolutt alle tynne utgangar. Skulle motparten få kontrakten, har 1 grand-meldinga plassert det meste av uteverande poeng for speleførar. 
 
Då Bakke passa, gjekk det pass rundt på 1 spar! Der vart det 140, for 11 IMP til Noreg.
 
Diverre tapte Noreg likevel kampen, 34–22 i IMP, 13,28–6,72 i VP. Italia skulle koma til å gå heilt til finalen i tevlinga, som dei tapte mot Polen.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger