AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Kva skjedde no?
Eg tør hevde at mange bridgespelarar – eg sjølv inkludert – har ein tendens til å bli så glade når dei ser eit godt resultat nærme seg, at euforien får dei til å miste fokus. I vekas spel, frå finalen i Marit Sveaas International Bridge Tournament i Bodø, var det poeng å hente på å halde jubelen tilbake.   

 
kn 7 6
D 9 4
kn 4
E kn 10 8 4
 
10 8 2
10 8 7 3
E K 8 6 3
9
K 3
kn 6 2
D 9 2
D 6 5 3 2
 
E D 9 5 4
E K 5
10 7 5
K 7
 
 
VestNordØstSyd
passpass1 gr
pass3 grpasspass
pass


Slik må meldingsforlaupet ha gått mange stader, for 3 grand var kontrakten på tolv av dei seksten borda. Det går sjølvsagt an å argumentere for at nord bør ta med seg sjansen for ein femkorts major i sør ved å melde Stayman – gjer han det, bør kontrakten bli overlegne 4 spar. Men dei fleste sa tydelegvis 3 grand rett i.
 
Vest byrjar med ruter tre. To austspelarar må ha prestert kunststykket å leggje ruter ni no, for både Allan Livgård–Terje Aa og sylvmedaljørane Fred Arne Moen–Jan Petter Svendsen noterte valdsame elleve stikk i 3 grand etter ruterutspel. Men rett bridge er å leggje dama, og vest tek straks til å gni seg i hendene.
 
Slik byrja spelet mellom anna på BBO-bordet, med Thor Erik Hoftaniska–Nicolai Heiberg-Evenstad nord–sør. Vest forsynte seg med ruterstikka sine, og Heiberg-Evenstad kasta to spar hjå blindemann. Nokre sekund seinare var spelet tydelegvis over – operatøren kleima ei beit.
 
Dette endå Heiberg-Evenstad var to takbeit. Han må halde alle tre sparane i bordet for å unngå at motparten får hald der. Med andre ord må han satse hardt på kongen dobbel i aust, ikkje tiaren dobbel i vest og ikkje kløveren.
 
Eg spurde i ettertid Heiberg-Evenstad kva som skjedde, og han kunne fortelja at aust la styrke i kløver på ruteren, noko som fekk vest til å skifte kløver. Det var vel ikkje spesielt genialt motspel, var det vel?
 
På seks bord vart resultatet éi beit etter ruterutspel, og eg reknar med at liknande uhell må ha skjedd på minst eit par av desse. 100 aust–vest gav berre strøpluss.
 
Tre par fekk fatt i to beit og delte dimed toppen; det var Håvard Larsen–Øystein Ree, Bjørn Børre Leinan–Stefan Skorchev og Hallgeir Gåsø–Bård Kåre Græsli. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger