AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Effektiv sperremelding
Den nyleg avhaldne World Bridge Tour Masters-tevlinga i København, som samla 20 sterke lag til start, vart både ein opptur og ein nedtur for dei norske deltakarane. Ein opptur i den forstand at to delvis norske lag toppa grunnspelet – lag De Botton og lag Gillis – men ein nedtur i den forstand at De Botton enda med å tape finalen, medan Gillis tapte semifinalen og deretter play-offen om tredjeplassen. Det vart altså høvesvis 2. og 4. plass på desse to laga. Fleire andre lag hadde også kraftige norske innslag.
 
Vi skal sjå på eit spel frå aller siste kamp i tevlinga, der meldingane var enkle for ekspertane, men kanskje ikkje like opplagde for alle. Kva opnar du med i fyrste hand ugunstig sone med fylgjande vifte?    

kn 5 2
E K D 8 7 5 4
4
8 7


Det finst nokre kunstige opningsvariantar som kan syne ein gåande sjukorts major. Med mindre du og makker bruker ein slik konvensjon, må ein vel seia at det står mellom 1, 3 eller 4 hjarter. Eg kan ha forståing for 1, og for så vidt for 3 òg, i og med at mange har lært at dette syner 6–10 honnørpoeng og sjukortsfarge. Spesielt i ugunstig sone må det vel vera lov til å maks av og til?
 
Problemet er at fargekvalitet er av enorm tyding. Ess, konge, dame sjuande er under normale omstende sju kabalstikk, så det er vesentleg betre enn å ha noko à la konge, dame sjuande og eit sideess. Handa er med andre ord for god for 3 hjarter, og det kan nok seiast at ein også lagar seg vanskar ved å opna 1 hjarter, som ikkje sperrar i det heile, og som i liten grad syner kva du har. Sjølvsagt er det risiko ved å opna på 4-steget i blodsona med berre sju stikk på handa, men 3–7–1–2 er betre enn 2–7–2–2, og når du har så god farge, kan det vera vanskeleg for motparten å få straffedobla deg dei gongene det er rett. 
 
Spelet dukka opp i finalen og play-offen i København, og på tre av fire bord opna sør i 4 hjarter eller ei anna høg melding som synte gåande farge. Då var vegen kort til storeslem!  

 
E K 4
2
E K kn 10 9 6
E 3 2
 
D 8 7 3
9 6 3
D 5
kn 10 9 6
10 9 6
kn 10
8 7 3 2
K D 5 4
 
kn 5 2
E K D 8 7 5 4
4
8 7
 
 
VestNordØstSyd
4 hj
pass4 grpass5 sp
pass7 hjpasspass
pass

 
Når nord kan forvente ein solid sjukortsfarge hjå makker, har han all grunn til å gå for slem. Når det så kjem for dagen att sør har ess, konge, dame i spissen av sjukortsfargen, må storeslem ha gode odds, sidan nord kan telja tolv toppstikk og ruteren nesten alltid vil kunne godstelast for eit trettande stikk – ja, ofte vil det vera femten–seksten stikk i kontrakten.
 
Spelet vart butt i finalen mellom De Botton og det internasjonale lag Edmonds (med ein amerikansk sponsor i spissen), medan lag Gillis tapte 11 IMP på spelet, på ein nokså spesiell måte.
 
Då sponsor Simon Gillis valde å opna i 3 hjarter, var ikkje livet så lett for Boye Brogeland. Slem er definitivt aktuelt, og Brogeland forventa nok ei solid sperreopning hjå makker, men diverse litt veikare hjarterfargar kan medføre store vanskar til og med på 5-steget. Boye byrja med 4 kløver, som han utvilsamt meinte som kontrollmelding. No kom Thomas Bessis i aust på banen med ei utspelsdirigerande dobling, og Gillis passa. Cédric Lorenzini i vest må ha vore under det inntrykket at 4 kløver var naturleg og doblinga såleis opplysande mot hjarter og kløver, for han sa 4 spar! Denne dobla Brogeland, og det gjekk pass rundt. 
 
Det var litt av ein kontrakt å spela! Men, Lorenzini var i gunstig sone, og då det forsvann eit stikk i motspel, berga han med sju beiter og 1700 ut. Det er normalt ikkje noko å rope hurra for, men her vann han altså 11 IMP, då lagkameratane bokførte 2210. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger