AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ein aldri så liten vadestein
Vi tek med endå eit spel frå World Bridge Tour Masters i København nyleg, dette frå semifinalen. Lag Gillis måtte her bite i det sure eplet mot lag Edmonds, som skulle koma til å vinne tevlinga. Men Boye Brogeland fekk i det minste ein lekker 90 inn å gle seg over.    

 
K 9 8
E D 9 2
K
kn 8 6 5 3
 
10 6 3
8 5 3
E 8 5 4
E 10 4
kn 5 2
K 10 4
D 10 7 3 2
D 7
 
E D 7 4
kn 7 6
kn 9 6
K 9 2
 
 
VestNordØstSyd
KalitaBakkeKlukowskiBrogeland
1 klpass1 hj1)
pass1 sp2)pass1 gr
passpasspass
1) Minst fire spar
2) Tre eller fire spar


Forsiktig meldt av Brogeland, men det var ingen feit 11-poengar han hadde, og å vinne sju stikk skulle syne seg å vera komplisert nok.
 
Jacek Kalita byrja med ruter fire til kongen, før ein spar gjekk til dama og ein hjarter til dama og kongen.
 
No kom fire ruterstikk i vinden, som gav både Brogeland og blindemann visse utfordringar med avkasta. Etter den siste ruteren var Michał Klukowski inne i fylgjande posisjon:

 
K
E 9 2
-
kn 8
 
10 6
8
-
E 10 4
kn 5
10 4
-
D 7
 
E 7
kn 7
-
K 9
 

 
Forsvaret har altså fått fem stikk. Med ein tydeleg tenkjepause hjå Klukowski no, var ikkje Brogeland snauare enn at han spurde: «Just made?»
 
Korleis kunne han vera såpass sikker på det?
 
Med ess–dame i kløver på rygg ville Klukowski raskt ha spela ein kløver igjennom for minst éi beit. Han måtte altså ha minst éin kløverhonnør. Brogeland var temmeleg trygg på at det måtte vera dama, sidan han med kløver ess, dame, ti femte i ruter og hjarter konge moglegvis ville ha meldt inn 1 ruter, og kanskje raskare ville ha spela ein liten kløver etter ruterstikka.
 
Problemet for speleførar er at han tilsynelatande må få henta to sparstikk i tillegg til dei tre hjarterstikka. Kan ikkje aust øydeleggje kommunikasjonen ved å spela ein hjarter?
 
Nei. I så fall tek Brogeland hjarterstikka, men på den siste er aust skvisa til å kaste ein spar. Brogeland kastar ein kløver, og så er det vest som blir utsett for ein såkalla vadesteinskvis: Kastar han ein spar, kan spar konge stikkast over med esset, og om han i staden kastar kløver, kan Brogeland cashe spar konge og spela kløver, som tvingar Kalita inn på esset, før han må gje Brogeland på spar ess.
 
I praksis prøvde Klukowski seg med liten kløver i skift; Brogeland la lågt, og sju stikk var sikra.
 
90 inn vart rett nok butt, då Vincent Demuy på det andre bordet fekk til ein litt annan vadesteinsvariant i same kontrakt, med hjarteren som trugselfarge i staden for sparen.
 
Edmonds vann semifinalen 64–56,1 i IMP, og slo deretter lag De Botton klårt i finalen.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger