AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Kort meldingsforlaup
Av naturlege årsaker er det ikkje så ofte at spel der det går pass rundt, får plass i bridgespaltene. Det rekk liksom ikkje å skje så mykje spennande i slike spel. Børre «Beveren» Lund frå Heimdal skal likevel få koma på trykk med eit tilfelle av rundpass under årets påskecup i Soknedal i Sør-Trøndelag. Kva hadde du gjort i fyrste hand i ugunstig sone med fylgjande hand?    

 
E D 9 7 6 2
D 10 9 8 5 4
-
2
 


Mange valde nok å opna 1 spar, og det er vel ingen tvil om at handa er spelesterk nok til det, sjølv om det manglar ein del honnørpoeng. Samstundes kan ein kanskje få synt handa betre ved å avgje ei melding som viser båe major, og då må ein helst passe fyrst.

Etter innleiinga gissar du kanskje at det var det Børre Lund gjorde. I visse tilfelle seier ein noko à la: Det går aldri pass rundt med slike kort … Det har eg høyrt sagt om langt mindre spesielle hender enn sør si hand her, så Lund var nok rimeleg trygg på at det ikkje kunne skje. Men denne gongen tok han feil!

 
K kn
K 3 2
D kn 7 3 2
10 9 4
 
5 4
7
E K 9 8 6
K 8 7 6 3
10 8 3
E kn 6
10 5 4
E D kn 5
 
E D 9 7 6 2
D 10 9 8 5 4
-
2
 
 
VestNordØstSyd
M. LundB. Lund
pass
passpasspass

 
Vest var temmeleg nær ei opning i gunstig sone, og aust var definitivt svært nær ei opning. Ja, dei fleste ville nok ha opna på hans kort, som jamvel oppfyller den såkalla 15-regelen, som seier at ein skal opne i siste hand dersom honnørpoenga summert med antalet spar blir minst 15. Men aust hadde tydelegvis ikkje tru på handa si, og dimed vart det ingen ny sjanse for Børre Lund!
 
Rundpass gav berre litt under middels for Beveren og sonen Markus. Dei fleste hadde utgang i hus nord–sør, men på mange bord var aust–vest særs aktive i kløver, og pressa nord–sør heilt opp på 5-steget. I 5 hjarter må ein finne trumfknekten for ikkje å gå beit.
 
Nokre greidde dette etter at vest hadde synt båe minor, men heilt opplagt er det ikkje likevel: Ein veit jo at vest oftast har tre majorkort til saman, og så er spørsmålet om han har to spar og éin hjarter eller omvendt. Ikkje minst: Ville vest, med singel spar og dobbel hjarter, ha spela singel spar ut eller ikkje, opp i sørs opningsfarge? Nokre stakkarar gjekk beit, og berga altså poeng for Børre Lund, som kanskje vil tenkje seg to gonger om før han på nytt passar i opning med ei 6–6-hand.

Av Erlend Skjetne  
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger