AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Billeg triks, dyr feil
Det kom eit par dagar rundt midtvegs i EM for nasjonslag der det var særs lite å sjå til Noreg på BBO. Det var ein nedtur, men heldigvis finst det alltid andre sterke lag det òg er interessant å fylgje med på i eit EM.
 
I runde 22 møttest to av Noregs argaste konkurrentar, Sveits og Italia. Det vart eit fyrverkeri av ein kamp med mange interessante spel, aggressive meldingar og fleire store tapte sjansar for båe sider – til dømes fylgjande utgang:   

 
D 9 8 2
7
D 8 2
10 8 7 4 2
 
10 5
E 8 5 4
kn 10 6 4
kn 5 3
6 4 3
D kn 6 3 2
K 7 4
E 9
 
E K kn 7
K 10 9
E 9 3
K D 6
 
 
VestNordØstSyd
BrinkSementaDrijverVersace
2 gr
pass3 kl1)pass3 ru2)
pass3 hj3)pass3 sp
pass4 sppasspass
pass
1) Puppet-Stayman
2) Ein eller båe firekorts major
3) Firekorts spar


Sjoert Brink for Sveits byrja som mange andre med ruter knekt, som fekk gå til esset hjå Alfredo Versace. Han heldt fram med spar konge, og Brink prøvde å skremme han ved å leggje tiaren, men i neste stikk gjekk spar sju til åttaren. No fylgde ein kløver til kongen, spar knekt til dama, og ein ny kløver frå bordet.
 
Bas Drijver kom inn på kløver ess, og både kløversitsen og poenget i spelet var nok innlysande for han: Dersom vest har hjarter ess, må forsvaret få fanga sørs hjarter og samstundes tvinga blindemann til å stela med den siste trumfen før sør har fått avblokkert kløver dame. Skulle vest ha ess, ti, har forsvaret overtaket. Men har sør konge, ti, vil han kunne dukke ein retur av hjarter dame og såleis halde på kontrollen over hjarteren.
 
Brink prøvde seg med hjarter knekt. Versace beit på og dekte med hjarter konge. Men så var det stakkars Sjoert Brink, då, inne på hjarter ess: Syner ikkje makkers hjarter knekt at han ikkje har dama?
 
Det er ein trist situasjon reint psykologisk: Drijver gjorde det som måtte til for å lure Versace, men vart på den måten også nøydd til å lure makkeren. Brink skifte ruter, Versace gjorde sjølvsagt rett der, og kontrakten var heime igjen.
 
Det spørst om Brink likevel burde ha funne løysinga. Heile handsaminga av trumfen og kløveren tyder på at sistnemnde farge nok sat akkurat som han gjorde frå start. Sør har i så fall synt fram alle dei 20 honnørpoenga sine, og kan ikkje ha hjarter dame i tillegg for ein 20–21-grand, som opninga synte. Det er altså noko mystisk med hjarter knekt – og kvifor skal Drijver velja eit mystisk tilbakespel dersom han helst vil ha makkeren inn for å få ruter igjennom?

På det andre bordet gjekk spelet litt annleis sjølv om utspelet var det same; Michal Klukowski spela tidlegare ein ruter til åttaren. Så vart sluttpossen eigentleg den same, og også Massimiliano Di Franco skifte hjarter knekt, dekt av kongen. No hadde Andrea Manno ikkje så mykje anna val enn å spela ny hjarter, og Klukowski gjekk beit.
 
Sveits vann likevel dette viktige innbyrdesoppgjeret, 52–38 i IMP, 13,75–6,25 i VP, og det skulle altså bli Sveits som tok sylvet i EM, medan Italia måtte nøye seg med bronse.
 
Vi noterer oss at spelet over òg vart ein utgangssving inn til Noreg, då Terje Aa (som venta, vil eg seia) vann soneutgangen, medan den tyrkiske motstandaren gjekk beit. Noreg vann sin kamp heile 50–0 i IMP, 19,16–0,84 i VP.
 
Av Erlend Skjetne  
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger