AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ein farge på si
Polen er og blir ein sterk bridgenasjon, som har for vane å gjera det bra i alle klasser i internasjonale meisterskapar. I Herning vart det sylv i senior, 5. plass i dameklassen og 10. plass i mix, medan laget i open klasse skuffa mest ved berre å bli nummer 11. Dette har utvilsamt å gjera med at tre av Polens kanskje fremste bridgenamn – Klukowski, Kalita, Nowosadzki – no alle spelar for Sveits.
 
Det var difor interessant å fylgje med då Sveits og Polen skulle møtast i EM, og litt ekstra spennande vart det fordi oppgjeret kom i runde 27 av 29, på eit tidspunkt der Sveits var i gullstriden og Polen trong poeng for å bli blant dei åtte beste og få VM-billett.
 
Diverre vart kampen ei trasig sak for lag Polen: Sluttresultatet 52–12 talar sitt tydelege språk, og det var då også eit rettferdig resultat – i mange spel var dei sveitsiske polakkane rett og slett betre enn dei polske. Her er eit døme, eigentleg eit ganske banalt spel. Men som så ofte før: Det rette må gjerast når det gjeld, det hjelp ikkje at ein skjønar eit stikk for seint kva ein burde ha gjort.    

 
8 7
E 2
10 4 3
E K D 10 9 4
 
 
K 10 4
kn 10 8 3
K D 9 7 5
8
 
 
VestNordØstSyd
BurasKalitaLutostanskiKlukowski
passpass
pass1 klpass1 hj
pass2 klpass2 gr
pass3 grpasspass
pass


I polsk kløver opnar ein med 2 kløver på litt svakare kløverhender enn denne. Då Kalita opna med 1 kløver og fekk 1 hjarter frå makker, som syner 8+ fordi 1 ruter syner 0–7, melde han 2 kløver som krav til utgang. Og utgang vart det.
 
Krzysztof Buras i vest byrjar med spar dame. Aust legg styrke med toaren. Å lasjere har neppe noko føre seg, ettersom heile kontrakten lek som ei sil, så la oss seia at du stikk. Korleis grip du an speleføringa?
 
Du kan jo vone at du har seks kløverstikk, det er ein god sjanse. Men sjølv om kløveren ordnar seg, har du berre åtte stikk. Du er avhengig av å få odla eit niande stikk, og det må bli i ruter. Med andre ord må du vone at motparten ikkje har meir enn tre sparstikk å ta når dei kjem inn i ruter. Det faktum at båe motstandarar passa innleiingsvis og ikkje melde inn 1 spar korkje over 1 kløver eller 1 hjarter, sjølv om dei har ein god honnørpoeng imellom seg, gjer det nokså truleg at sparen kan sitja 4–4. Utspelet av spar dame peikar i same retning, ettersom mange har ein tendens til å spela ut liten frå til dømes dame, knekt, ni femte, men kanskje ikkje gjer det frå dame, knekt, ni fjerde.
 
Så då er det vel berre å køyre i gang med kløver frå toppen – på ein god dag kan det jo hende at motparten sakar litt feil òg – og så får du ta tinga som dei kjem?  
 
Noko slikt tenkte nok polakken Janiszewski på det andre bordet. Men han gløymde noko heilt vesentleg.  

 
8 7
E 2
10 4 3
E K D 10 9 4
 
D kn 9 6
D 7 5
E 2
kn 7 5 3
E 5 3 2
K 9 6 2
kn 8 6
6 2
 
K 10 4
kn 10 8 3
K D 9 7 5
8
 

 
Kløveren sat altså ikkje. Derimot sat ruteren veldig pent, så pent at sør faktisk ikkje treng alle kløverstikka – han kjem i mål med to majorstikk, fire ruterstikk og tre kløverstikk. Men etter å ha teke dei tre topphonnørane i kløver, hadde motparten plutseleg ikkje berre tre sparstikk å hente, men òg ein viss kløver knekt. Det var beitestikket.
 
Klukowski såg føre seg akkurat dette scenarioet. Så etter kløver til esset i andre stikk, bad han om ruter ti. No kunne forsvaret gjort livet verre for han, om aust hadde lagt liten og vest hadde dukka kongen (som eg reknar med at Klukowski hadde tenkt å leggje). Men då aust ikkje heilt unaturleg dekte ruter ti med knekten, var alt over. Med esset dobbel får ikkje vest dukka meir enn ein gong, så Klukowski får i alle høve henta ruterstikka sine. Motparten tok dei tre sparstikka sine, men Klukowski hadde resten.
 
Slik blir det heimgang heller enn beit, og 10 IMP inn. 

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger