Den gamle songen stiller eit spørsmål som bridgespelarar heilt sidan juratida har bala med: Når ein blir dobla, skal ein passe ut og la det stå til, eller søkje lykka ein annan stad?
Problemet dukka opp i grunnspelet i World Bridge Games i Buenos Aires. Du sit i nord, og må melde i fylgjande situasjon:
| Vest | Nord | Øst | Syd | | | | 1 gr | pass | 3 gr | dbl | pass | pass | ? | | |
Vi hadde eit liknande spel i denne spalta for ikkje lenge sidan, men då frå utspelaren sitt perspektiv. La oss seia at doblinga bed om spar ut. 3 grand var hardt nok meldt med 9 runde, men 2 grand som invitt er ikkje ei populær melding på toppnivået; spesielt i sona er utgangsbonusen for attraktiv. Her luktar det rett nok trøbbel, når du er såpass tynn og dertil har dårleg spar.
Dette vil i dei fleste makkerpar vera ein svært uklår posisjon: Skal opnaren ta ut om han ikkje har sparhald, eller har svarhanda det ansvaret? Kva tyder redobling frå høvesvis opnar og svarhand, kan det vera eit godt alternativ for å uttrykkje tvil? Så er det jo éi sak å ta ut når ein har ein god farge som ein reknar med vil spela greitt på 4-steget – ei anna sak er det å skulle flykte utan å ane om det finst ein brukbar trumffarge å flykte til. Ikkje minst kompliserer det biletet dersom doblinga, som nokre spelar ho, ikkje bed spesifikt om spar ut, men om dårlegaste major ut.
I oppgjeret eg fylgde, sa franske Cédric Lorenzini pass, medan Michał Klukowski, som representerer Sveits, i same situasjon plukka ut i 4 kløver. Heile spelet:
| 5 4 3 K 9 2 8 7 2 K D kn 4 | | 7 6 2 10 8 5 10 6 5 10 7 5 2 | | E D kn 10 9 E kn E 9 4 3 6 3 | | K 8 D 7 6 4 3 K D kn E 9 8 | |
Sjoert Brink for Sveits spela lydig spar ut mot 3 grand dobla, og kontrakten var dømd til å gå to beit. Med den heldige hjartersitsen rulla 4 kløver heim, så Sveits vann 12 IMP på spelet, og slo til slutt Frankrike 18,21–1,79 etter mykje aktuell bridge. I Noregs kamp i open klasse var 3 grand dobla med to beit buttspel.
Ein skal ikkje krangle for mykje på ei vinnande melding, men det må seiast at å melde 4 kløver har sine faremoment. Kor mange kløver syner det? La oss seia at motparten doblar 4 kløver òg: Kven skal eventuelt flykte vidare til ein betre kontrakt? Opnaren kan jo sitja med to småe kløver for alt nord veit, medan nord kan sitja med ein feit sekskorts kløver for alt sør veit. Men Klukowski tenkte nok ganske enkelt: 3 grand dobla ser ikkje bra ut, eg har tre topphonnørar i kløver og kan fort sleppe å bli dobla der, så 4 kløver blir neppe ein katastrofe. Og han fekk jo rett, til gagns.
Slik korta ser ut, står det faktisk 4 hjarter. Nokre fåe par i salen fann vegen dit.
Av Erlend Skjetne
|