AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Nesten ein sørgjeleg skvis
Ein er vant til å tenkje at det er motspelarane som kan risikere å bli utsette for ein skvis frå speleførars side. Men det hender òg at speleførar sjølv kan lide denne ublide lagnaden. Det var iallfall nære på for Boye Brogeland i ein hardmeldt 3 grand i Noregs opningskamp i EM, mot Danmark.    

 
K D 9 7 4
6 4
6 3
D 7 5 3
 
kn 8 5
D 7 3
D 7 5
K kn 6 4
6 3 2
E 10 8 2
K 10 8 4
10 8
 
E 10
K kn 9 5
E kn 9 2
E 9 2
 
 
VestNordØstSyd
AskgaardBakkeKonowBrogeland
1 gr
pass2 klpass2 hj
pass2 sp1)pass2 gr2)
pass3 klpass3 gr
passpasspass
1) Invitt med minst fem spar
2) Grei ut om kva du har


Hardt meldt! Dei aller fleste ville nok her ha overført til 2 spar og late det døy der, men Bakke–Brogeland kom seg i 3 grand. Den kontrakten er urikkeleg! Mykje fordi sparen rullar og kløver konge sit framfor dama. Sju svarte stikk og ruter ess er likevel ikkje nok – speleførar må fort gisse litt for å få tak i det niande stikket.
 
Vest valde å byrja med den umelde fargen ruter, nummer fem av sorten, til kongen og esset. Brogeland spela straks ein liten kløver til dama, liten kløver til esset og ny kløver, sjølvsagt i von om å finne kløveren 3–3. Men då vest no kunne ta to kløverstikk, byrja det bli kritisk. Både aust og sør kasta hjarter på den fjerde kløveren.
 
Vest fann det beste motspelet då han ikkje rørte nokon av raudfargane, men i staden fridde seg med ein spar. Brogeland måtte naudsynlegvis vinne denne med esset for ikkje å blokkere sorten. Etterpå kunne han ikkje godt spela ein raud farge frå handa, han måtte spela meir spar – og når han så var inne i bordet, måtte han ta sparstikka, som det ikkje finst anna inntak til.
 
Vi skal ta ein kik på situasjonen idet fire kort står att:

 
7
6 4
6
-
 
-
D 3
D 7
-
-
E 10
10 8
-
 
-
K kn
kn 9
-
 

 
Tilsynelatande har sør eit raudt stikk til på handa så lenge han ikkje bommar valet i hjarter eller ruter. Men Brogeland var altså inne i bordet og måtte ta den siste sparen. Om aust no kastar ruter, er sør ferdig! Han kan ikkje kaste ruter, for då har vest stikk på dama og sjuaren, og han kan heller ikkje blanke hjarter konge, for då kan motparten forsyne seg med to stikk der. Speleførar er altså skvisa.
 
Men då aust kasta hjarter ti, var Brogeland på høgda. Sjølv kasta han hjarter knekt (slik det sit, kan han faktisk like gjerne kaste kongen!), og vest kvitta seg òg med ein hjarter. No gjekk ein hjarter til fyrsteleg gravferd, esset i aust, kongen i sør og dama i vest, før aust spela ruter åtte og Brogeland sjølvsagt gjorde rett på knekt–ni-valet. Om vest i staden hadde kasta ruter sju på den siste sparen, måtte Brogeland ha spela ruter før hjarter. Men det hadde han nok greidd.
 
Heimgangen gav som venta 10 IMP til Noreg, då resultatet på det andre bordet var 2 spar med eitt overstikk. Sluttresultatet i kampen vart 42–25 til Noreg, 14,39–5,61 i VP.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger