AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Hardt pressa blindemann
Tidlegare såg vi på eit spel frå EM der speleførar Boye Brogeland så vidt unngjekk å bli skvisa av sin eigen blindemann, takka vere ein hjelpsam danske. Sanneleg dukka det opp eit liknande tilfelle berre fåe dagar seinare, der Christian Bakke òg kunne ha lide ein nitrist lagnad, om ein belgisk motspelar hadde vakna i tide.    

 
E
E K D 10
E K kn 10 9
D 8 3
 
kn 9 7 2
kn 9 2
5 4 3
E K 10
K 10 5 4
8 7 5 4
D 8 2
kn 4
 
D 8 6 3
6 3
7 6
9 7 6 5 2
 
 
VestNordØstSyd
De DonderBrogelandBahboutBakke
2 klpass2 ru
pass3 hj1)pass3 gr
passpasspass
1) Fire hjarter og lengre ruter


Vest valde å byrja med kløver ess, og ein solid blindemann kom til syne. Knekten frå aust var inga oppmuntring, og vest skifte difor korrekt til spar, nummer sju av sorten. Bakke fylgde med trearen.
 
No kom ess, konge og knekt i ruter, og aust var inne på dama i fylgjande situasjon: 

 
-
E K D 10
10 9
D 8
 
kn 9 2
kn 9 2
-
K 10
K 10 5
8 7 5 4
-
4
 
D 8 6
6 3
-
9 7 6
 

 
Då aust spela ein liten spar tilbake, fauk Bakke opp på dama, som han måtte om kontrakten skulle ha nokon sjanse. No var ni stikk sikra, og eit tiande kom ramlande fordi hjarter knekt sat laust.
 
Eg veit ikkje kva aust tenkte om sparsituasjonen, men det vanlege er å bruke invitt inne i spelet, slik at vest nok ville ha spela ein mindre spar om han hadde hatt spar dame. I alle høve ser aust at dersom speleførar får på spar dame, er kontrakten heime (og noko sparval kan sør knappast ha, ettersom aust sjølv ser på tiaren).
 
Kva om aust i staden tek for spar konge? Jo, då får speleførar – eller meir spesifikt blindemann – eit uløyseleg problem: Å kaste ruter eller hjarter er å kaste stikk (aust kan jo òg sjå at hjarteren nesten garantert løyser seg for fire stikk); å kaste kløver gjev derimot forsvaret høve til å hente beita der. Blir det kasta ein raud farge, treng ikkje aust gjera anna enn å spela inn bordet, og så kan vest vente på beita med konge, ti i kløver.
 
For å gjera teikninga fullstendig tydeleg, kan vest hive ifrå seg spar knekt under kongen. Det må tyde at det definitivt ikkje finst meir å hente i den sorten.
 
På det andre bordet opna sør i 1 ruter, og då gjekk det pass rundt. Der vart det 110, så Noreg tente 11 IMP, i ein kamp dei til slutt vann heile 51–8 i IMP, 18,44–1,56 i VP.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger