AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Brutalt
Stundom blir ein teken grundig ved nasen ved bridgebordet, utan at ein kan noko særleg for det sjølv. Medan vi ventar på ein ny sesong av seriemeisterskapen, skal vi ein tur attende til førre sesong, meir spesifikt andre helg i 3. divisjon i Trondheim. Odd Arne Hatten har innrapportert ein ublid lagnad han leid.   

 
kn 8 3 2
E D 8
E K 6
K kn 4
 
D
K kn 9 7 3
10 9 4 3
10 9 3
10 9 7 6 5 4
6 5
D 5
D 8 6
 
E K
10 4 2
kn 8 7 2
E 7 5 2
 
 
VestNordØstSyd
O. A. HattenL. T. Hatten
pass1 kl2 sp3 gr
pass4 grpass5 hj
pass6 grpasspass
pass


Problemet, for å kalle det det, er nok i dette meldingsforlaupet tydinga av 4 grand. Det er ei god melding om ho er meint som såkalla kvantitativ, altså ein invitasjon til slem. Men då kan ikkje sør svara på ess med kliss minimum for hoppet til 3 grand, som han aktuelt altså gjorde.

6 grand på bortimot trillrunde hender utan meir enn ein sjukortstilpass fordrar normalt meir enn 30 kombinerte honnørpoeng. Spar dame ut til esset var eit lite lyspunkt for speleførar, men likevel har denne kontrakten utruleg dårlege odds.

Då sør i andre stikk spela kløver til knekten og såg aust vinne med dama, tippar eg han hang med geipen. Fanst det overhovudet nokon sjanse no?

Jo, alt gjekk faktisk heilt av seg sjølv – vel å merke då hjarterkappen lykkast, kløveren sat beint og ruter dame sat dobbel.

Etter spar attende skulle vest gjera avkast fyrst på spar konge, så på spar knekt og til slutt på ein kløverkvist. Det vart akkurat eit kort for mykje: Vest var skvisa i raudt. Tolv stikk i hus!

Det var nordtrønder Magnus Staven og utflytt finnmarking Bjørn Harald Jensen som stod for denne svært hyggelege scoren nord–sør, som naturleg nok ikkje vart matcha på det andre bordet. Lykka står dei sylfrekke bi!

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger