AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Når det gjeld
I dag skal du få ei motspelsprøve. Ho skriv seg frå grunnspelet i World Bridge Games i Buenos Aires.    

 
D 9 8
kn 10 2
kn 3 2
E D 8 4
 
kn 7 6 3
K 8 5
E 9 7 6
kn 10
 
VestNordØstSyd
1 gr
pass3 grpasspass
pass


Sei at du vel å byrja med ein spar, som dei fleste gjorde. På åttaren frå bordet legg makkeren din femmaren, og sør tek stikket med tiaren. Så legg sør ruter ti i disken. Tankar?
 
Det fyrste vi kan fastslå, er at sør sannsynlegvis byrja med ess, konge ti tredje eller meir i spar. Om makker hadde hatt kongen, ville han sjølvsagt ha gjort rett i å ikkje leggje i den. Men då ville han neppe ha lagt femmaren, som er den største av dei uteverande småsparane.
 
Kløveren og hjarteren veit vi førebels ingenting om. Men sør spelar altså ruter ti. Lågt i andre hand er ein generell regel, men han gjeld fyrst og fremst når eit lågt kort går opp mot godsakene. Tiaren er ikkje så låg. Det kan jo hende at makkeren vår har ruter dame eller konge, men kvifor spelar sør tiaren frå handa, som kan vera ein bortkasta ressurs om vi til dømes har ein singel honnør? Det er noko mystisk med denne tiaren når vi sjølve rår over niaren. Sør ser iallfall ikkje ut til å ha langfarge i ruter. Kvifor spelar han ruter då, og ikkje til dømes kløver?
 
Det finst nok ingen god grunn til å leggje låg ruter, vi kan like gjerne gå opp på esset. På denne fylgjer makker med åttaren. Luktar du lunta no? Skjønar du kva du må gjera?

 
D 9 8
kn 10 2
kn 3 2
E D 8 4
 
kn 7 6 3
K 8 5
E 9 7 6
kn 10
5 4 2
E D 9 6 4
8 5 4
7 6
 
E K 10
7 3
K D 10
K 9 5 3 2
 

 
I kampen eg fylgde, mellom svært sterke Sveits og temmeleg sterke Frankrike, greidde Sjoert Brink i vest å stikke med ruter ess og skifte liten hjarter. Dimed vart det to beit i staden for ein rask heimgang. Speleførar var ingen ringare enn Thomas Bessis, som måtte finne seg i å tapa stort i denne kampen.
 
Eg veit ikkje kva som fekk Bessis til å tru at vest hadde ruter ess. Om ein trur at aust har esset, er det betre å vinne fyrste stikk med spar dame i bordet og spela ruter mot handa. Det skjedde på det andre bordet, men no var det ikkje så veldig vanskeleg for vest å stikke – i fjerde hand, altså – og skifte hjarter.
 
Hjelpsamt for Brink var det sjølvsagt at makker Bas Drijver både la tydeleg svakheit i spar og den høgste ruteren sin under esset – til saman ein peikepinn på at hjarter måtte vera det rette.
 
I Noregs kamp i open klasse, mot Australia, vart 3 grand med heimgang buttspel. Boye Brogeland byrja uheldig med ruter ut, medan Espen Erichsen på det andre bordet fekk spar ut, og altså må ha lykkast med ein svindel.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger