Ingen nåde

Det finst mange par som er nokså solide og stødige og alt det der, men skal ein prestere på det øvste nivået i verda, må ein nok vera noko meir enn berre det: Ein må vera vanskeleg å spela imot, leggje sjela si i kvart spel og aldri gje motparten fred og ro. Her er eit lite døme frå Noregs kamp mot Tyrkia i open klasse i EM.
Suit 1
10 9 8 7 5
Suit 2
E 10 9 5
Suit 3
9 7 5
Suit 4
8 5
Suit 1
4 3
Suit 2
D 8 6 4 3
Suit 3
E K
Suit 4
E kn 10 2
Symbol 9
Suit 1
E K kn 6
Suit 2
kn 2
Suit 3
kn 10 8 2
Suit 4
9 7 3
Suit 1
D 2
Suit 2
K 7
Suit 3
D 6 5 4 3
Suit 4
K D 6 4
Vest
Nord
Øst
Syd
Yilmaz
Grude
Kubac
Berg
1 ru
1 hj
dbl1)
pass
2 kl
pass
2 ru
pass
pass
pass

1) Minst fire spar

2 ruter udobla utanfor sona, er no dette eit spel å skrive om? Nei. Berg gjekk sine to udobla grøne beiter i ein temmeleg stussleg kontrakt, og det var mogleg å få tak i tre beit på ymse vis. Grude burde kanskje ha halde kjeft over 1 hjarter?

Vel, tyrkaren på det andre bordet dobla òg for å vise spar. Men Brogeland la ikkje opp ein sløv pass i aust, han redobla. For det fyrste er det jo viktig å ha ei avtale om at dette viser generell styrke og straffeinteresse, heller enn til dømes topphonnør dobbel i hjarter, som nokre bruker det som. Men så må ein òg sjå potensialet i handa og tenkje igjennom kva ein kanskje kan oppnå av gullkanta innscore i dette vesle spelet, som neppe kjem til å bli meir enn eit delkontraktspel.

Sør passa på 1 hjarter redobla, og det same gjorde Bakke, før nord tok ut i 1 spar. Denne dobla Brogeland, og der døydde det. Ei opningshand i sør mot ei – riktig nok litt undervektig – positiv svarhand i nord, og ein slepp altså ikkje unna udobla på det lågaste meldesteget.

Det var saktens mogleg å berge med éi beit i 1 spar, men tyrkaren gjekk to, for 300 og 5 IMP til Noreg. Hadde nord–sør flykta, ville dei nok ha vorte dobla overalt, og det hadde ikkje vorte billegare.

To par i salen greidde å vinne 3 grand aust–vest, men elles var 300 rekorden, og ingen andre enn Bakke–Brogeland i open klasse hadde greidd å doble nord–sør i ein sluttkontrakt, sjølv om det var beiteplukk på mange bord.

Av Erlend Skjetne