Det er alltid lurt å rekne litt på honnørpoenga kring bordet. Sjølve har vi 16, og blindemann har 8. Viss vi i snitt forventar at speleførar har 12 poeng for opninga si, blir det att 4 honnørpoeng hjå makker. Dette kan i teorien vera hjarter ess. Meir sannsynleg er det at makker har høgst kongen i hjarter, og når speleførar har synt femkorts, sit vi neppe på eit reint trumfstikk imot. Noko kløverstikk har vi heller ikkje, tvert imot er det ein fare for at speleførar kan få eit avkast eller to på kløveren. Så kor skal beita koma ifrå?
Det er liten grunn til ikkje å ta for spar ess òg. Makker fylgjer no med åttaren, og sør med sjuaren. Då spar ess fortel makker at vi byrja med dobbel spar, er det standard at det andre påspelet hans ikkje er styrke/svakheit, men Lavinthal. Men her har makker neppe noko særleg å lavinthalere til – han kan jo ikkje vita at den eventuelle ruterdama hans er eit potensielt inntak.
Så vi veit framleis lite om sparsitsen, og ikkje stort om sitsen elles heller. Men veit vi ikkje likevel kva vi må gjera? Om speleførar har spar dame, er kontrakten sannsynlegvis heime uansett. Har makker dama, kan det sjølvsagt vera at speleførar har ein tridje spartapar, om han ikkje kan kaste nok spar frå handa på kløveren, eller ein spar i bordet ved å presse ut ess og konge i ruter mot trumf. Men dette er avhengig av plasseringa til fleire kort. For at vi skal finne beita i kontrakten, er det eigentleg nok at eitt kort sit rett, altså hjå makker: ruter dame. Vi bør knipe att augo og spela ruter, og vone at makker kan koma inn og gje oss ei sparsteling.
Bingo! Slik sat korta. Ikkje mange i krinsserien i Trondheim våga dette motspelet, og då vart det heller inga beit i 4 hjarter. Nokre spolerte endåtil alt svært raskt, ved å sørve ruter ess. Hadde du sjølv fått med deg beita?
Av Erlend Skjetne