E K kn 8
7
E D 6
K 8 6 5 3
7 6 5 4 3 2
2
5 4 2
E kn 2
Vest
Nord
Øst
Syd
Versace
Greco
Sementa
Hampson
pass
2 hj
dbl
4 hj
4 sp
pass
pass
pass
Om aust har kløver dame tredje, er det ikkje noko problem for deg å «bomme» og ikkje ta finessen, fordi du kan spela aust inn på denne kløverdama slik at han må spela til dobbeltrenons eller unna ruter konge – gjeve at du framleis har ruter dame gardert i bordet, så klart. Men problemet ditt er at du ikkje veit kven som har kløver dame – om vest kjem inn på ho, kan han potensielt spela ruter igjennom dama og beite deg raskt. Då kunne du i staden, etter to høge kløver, ha spela aust inn i ruter – han ville ikkje hatt anna enn meir ruter eller hjarter å spela til dobbeltrenons.
Geoff Hamspon for lag Nickell stakk med ruter ess i andre stikk, noko som verkar naturleg. Så la han ned spar ess – aust fylgde med dama – og spar konge, som aust saka ein hjarter på. Det som hadde vore veldig kjærkome, var om ein no hadde eit raskt inntak på handa slik at ein kunne lure ein kløver rundt til åttaren – vest kan jo fort «gløyme» å gå imellom frå noko à la dame, ni, tredje. Men sparen er blokkert, så du må spela frå bordet. Hampson gjorde det som verkar naturleg, nemleg å dra kløver til esset og kløver. Han måtte nesten stikke med kongen då vest la tiaren i andre runde. Inga dame kom til syne, diverre. Så drog han også ein tredje kløver, men då vart det beit:
E K kn 8
7
E D 6
K 8 6 5 3
10 9
E K 8 5 4 3
10 9
D 10 4
D
D kn 10 9 6
K kn 8 7 3
9 7
7 6 5 4 3 2
2
5 4 2
E kn 2