Elegant naudløysing

Noregs åttandedelsfinale i World Bridge Games vart ein svært jamn batalje, der Israel diverre trekte det lengste strået til slutt.

Vi skal sjå på eit spel som aldri ville ha nådd denne spalta om det ikkje var for ei nokså dårleg speleføring av israelske Ami Zamir. Vi har alle vore i same båt som han: Ein vel litt feil og endar i ein ekkel situasjon der ein ser at ein har spela bort eitt eller fleire stikk. I slike høve er det avgjerande å halde hovudet kaldt og sjå om det finst eit halmstrå å klyngje seg til.

Suit 1
D 10 8 5 3
Suit 2
D
Suit 3
7 5
Suit 4
E K D 6 3
Suit 1
E kn 9 4
Suit 2
8 7 2
Suit 3
8 6
Suit 4
kn 9 5 4
Symbol 9
Suit 1
7 2
Suit 2
E kn 9 7 4
Suit 3
K 10 4 2
Suit 4
8 7
Suit 1
K 6
Suit 2
K 10 6 3
Suit 3
E D kn 9 3
Suit 4
10 2
Vest
Nord
Øst
Syd
Brogeland
Toledano
Bakke
Zamir
1 gr
pass
2 hj
pass
2 sp
pass
2 gr
pass
3 gr
pass
pass
pass

I desse sonetilhøva synte 1 grand 13–15 poeng, og nord synte kløver og spar. Brogeland hadde ikkje noko attraktivt utspel, så valet fall på spar fire. Når ein ser at ruter konge er i kapp og at hjarteren sit slik at konge, ti er to sikre hald, verkar utsiktene gode for speleførar.

Spar åtte i bordet vann det fyrste stikket. No verkar det for meg, utan at eg skal påstå å vera ein betre speleførar enn Zamir, naturleg å spela ruter til dama. Men Zamir spela heller spar til kongen.

Dette kan bli hyggeleg om vest stikk. Men Brogeland hadde ikkje noko ynske om å koma inn, så han dukka, og så var Zamir plutseleg inne på handa, noko som vart litt kjelkete.

Han prøvde seg med ruter dame, og det vil sjølvsagt ofte gå bra om ruteren oppfører seg, men det vart ikkje så hyggeleg då Christian Bakke kunne stikke med kongen og straks å spela ruter opp att. Zamir vann med esset og prøvde også ruter knekt, men den sorten sat jo ikkje, Brogeland la ein liten hjarter. No var sørs hand utan openberre inntak. Han gjekk laus på kløveren, som han no ikkje hadde råd til noko slags safespeling av, men måtte ta frå toppen. Vi går til situasjonen der den siste kløverhonnøren enno ligg att i bordet:

Suit 1
D 10
Suit 2
D
Suit 3
-
Suit 4
D 6 3
Suit 1
E kn
Suit 2
8 5
Suit 3
-
Suit 4
kn 9
Symbol 9
Suit 1
-
Suit 2
E kn 9 7 4
Suit 3
10
Suit 4
-
Suit 1
-
Suit 2
K 10 6 3
Suit 3
9 3
Suit 4
-

Kløver dame kom i spel, Bakke kasta ein hjarter, og det same gjorde Zamir. Deretter spela han hjarter dame, med ei lita von om at noko hyggeleg omsider skulle skje. Ja, om Bakke hadde stukke, ville han unekteleg ha vore innspela etter å ha teke ruterstikket. Men Bakke dukka pent, og no måtte Zamir spela vest inn på kløveren. Brogeland tok spar ess og spela hjarter til esset hjå makker, som henta beita med ruter ti.

Zamirs avslutning ville ha lykkast om Brogeland hadde hatt hjarter ess, og det kunne han jo fort ha hatt sidan han strengt teke la styrke i hjarter. Brogeland fortel sjølv at han rekna med at Bakke måtte forstå ut frå heilskapen at det ikkje kunne vera eit ekte kast. Men om Zamir hadde plassert Bakke med hjarter ess, kunne han ha funne ei lekker avslutning!

På kløver dame må han for all del unngå å kaste hjarter, som han gjorde, og det er vel logisk, for ruteren har han ingen bruk for. Deretter kjem hjarter dame, som, når aust dukkar, må stikkast over med kongen! No kan sør spela ruter, og så lenge aust har hjarter knekt i tillegg til esset, må han gje sør kontrakten på hjarter ti.

På det andre bordet fekk Espen Erichsen langt meir dreis på speleføringa, og vann kontrakten med eit overstikk, for 10 IMP til Noreg.

Av Erlend Skjetne