For at dette spelet skal bli interessant, må du faktisk spela ruter ut, utan at det er veldig klårt kvifor du skal velja denne fargen framfor hjarteren.
Ruterutspelet vinn sør med esset, og spelar lynraskt hjarter ess, hjarter til steling, ruter til steling, hjarter til steling og ruter til steling. Så dunkar han ned spar ess, aust er renons, og så kjem liten kløver til dama og esset, og kløver til kongen i aust og tiaren i sør. Det kan ikkje spela noka rolle kva raudfarge du kastar no, men la oss seia du vel ruteren.
Du har full oversikt over dei resterande korta. Sør byrja med sju spar, tre hjarter, to ruter og ein kløver, og idet aust spelar ruter konge som sør stel med spar ti, må situasjonen vera fylgjande:
Heile spelet:
Skilnaden på 450 og 420 ut var faktisk svært stor. Merk at det var avgjerande for at trumfhøginga skulle kunne bli realitet, at du fekk dunka ut sørs ruter ess i fyrste stikk. Med kløver eller hjarter ut har sør ein lett veg til elleve stikk. Med ruter ut kunne han òg ha fått elleve, men då må han ikkje ta spar ess etter den siste ruterstelinga på handa, noko som verkar temmeleg kontraintuitivt.
Det einaste utspelet som alltid held kontrakten på ti stikk, er trumf. Men det var kanskje ikkje så veldig aktuelt, eller?
Av Erlend Skjetne
1) Ruter og hjarter, minst 5-5