Vest spelar spar dame ut. Bruk litt tid på å planleggje spelet.
Ressursane og kommunikasjonslinene er knappe. Det inneber at du bør dryge med å freista ta ut trumfen, for det er ein overhengande fare for å miste kontrollen over spelet. Skal du koma i mål er du heilt avhengig av sidefargen ruter, og i slike tilfelle er det ofte lurt å gå rett på denne sidefargen. Difor vinn du med spar ess og spelar straks ein ruter til dama.
At ho held stikk, er svært gode nyhende. For når vest er plassert med 5 honnørpoeng i dei spisse fargane, er det svært sannsynleg at aust har kløver ess for opninga si. Eg vil faktisk påstå at den beste speleføringa no, truleg er å dra ein kløver mot kongen. Det er fint å få med seg eit stikk for han på vegen mot ein eventuell heimgang i kontrakten, og jo meir arbeid du får gjort medan du enno har kontroll over trumfen, di gunstigare. Eller har du eit betre forslag?
Diamond tok for hjarter ess. Då aust no fylgde med dama, burde han ha teke seg ein augneblinks meditasjon. Dama kan naturlegvis vera toppen av ein sekvens i hjarter, men liknar ho ikkje òg forferdeleg på ein singleton? Kontrakten stod framleis, om Diamond no hadde gått attende til kløveren. Men då han heldt fram med hjarter, hadde han ingen sjanse. Aust var renons, og når heller ikkje ruteren brakk, fekk han berre tak i ni stikk.
Viss planen uansett var å ta to trumfhonnørar, burde han iallfall heller ha byrja med ein liten til kongen. For då ville han framleis hatt sjansen til å revurdere etter å ha teke ein ny ruterfinesse. Det er då ingen stor fare ved å spela til dømes ein liten ruter til steling: Om aust kan leggje i ein større trumf enn sør sjølv har på handa, får jo sør kasta ein kløvertapar.
Slik såg heile spelet ut:
Spela du litt forsiktigare enn Diamond gjorde, vann du soneutgangen din. Det ville vore ein svært god score i absolutt alle tevlingar, ikkje minst her, då kontrakten på det andre bordet berre var 3 hjarter med ti stikk. Du ville vunne 10 IMP i staden for å tapa 7, ein sving på 17.
Av Erlend Skjetne