Fort inn, fort ut

Slik går eit godt, gamalt munnhell som gjeld meldingar i bridge. Det er som kjent farleg å melde, men farlegare å passe. Når ein såleis er programforplikta til å melde, er det ofte best å få gjort det så fort som mogleg, og så vera ferdig med det.

 

I fyrste kamp i denne sesongens utgåve av 1. divisjon, i prestisjeoppgjeret mellom lag Hauge og lag Grøtheim, fekk vi eit døme på akkurat denne problematikken. Korleis vurderer du handa under i lagkamp, når det går 1 hjarter til venstre, pass frå makker, 1 spar til høgre, og du sit i ugunstig sone?



Symbol 15
Suit 1
kn 5 4
Suit 2
6 2
Suit 3
E D kn 2
Suit 4
E 10 6 5
 



Du har opningsstyrke, og du har dei to umelde fargane. Det må vel vera perfekt for ei opplysande dobling? Vel, i ugunstig sone skal det seiast at risikoen er høg og sjansen for gevinst berre så som så, det er vel sjeldan det blir meir enn ein delkontraktsving inn av å doble. Men delkontraktane er jo òg verdifulle i det lange laupet, så eg har sansen for avgjerda til lag Hauges Erik Berg, som dobla. Då har ein fått gjort sitt i dette meldingsforlaupet. 

 

Det vart ikkje rett denne gongen, då heile spelet såg slik ut, og meldingsforlaupet heldt fram som under:



Suit 1
D 7 6
Suit 2
D 9 8 5
Suit 3
9 8 5
Suit 4
D 7 4
Suit 1
E 10 2
Suit 2
E kn 10 7 4
Suit 3
4
Suit 4
K kn 9 8
Symbol 15
Suit 1
K 9 8 3
Suit 2
K 3
Suit 3
K 10 7 6 3
Suit 4
3 2
Suit 1
kn 5 4
Suit 2
6 2
Suit 3
E D kn 2
Suit 4
E 10 6 5
Vest
Nord
Øst
Syd
T. Aa
Kristoffersen
Livgård
E. Berg
1 hj
pass
1 sp
dbl
rdbl1)
pass
pass
2 ru
pass
pass
dbl
pass
pass
pass

1) Støtteredobling, trikorts spar



Den triste kontrakten gjekk i praksis to beiter. Hadde Kristoffersen vore sikker på at dette kom til å bli dobla beiteplukk, kunne han kanskje prøvd seg med 1 grand, som fort er den kontrakten som spelar minst dårleg nord–sør. Men han vona nok å sleppe unna. 500 måtte vel vera eit godt resultat for lag Grøtheim?

 

Det kunne verke sånn, då Petter Tøndel valde å passe over 1 spar på sørhanda. Men sjå korleis meldingsforlaupet heldt fram:



Suit 1
D 7 6
Suit 2
D 9 8 5
Suit 3
9 8 5
Suit 4
D 7 4
Suit 1
E 10 2
Suit 2
E kn 10 7 4
Suit 3
4
Suit 4
K kn 9 8
Symbol 15
Suit 1
K 9 8 3
Suit 2
K 3
Suit 3
K 10 7 6 3
Suit 4
3 2
Suit 1
kn 5 4
Suit 2
6 2
Suit 3
E D kn 2
Suit 4
E 10 6 5
Vest
Nord
Øst
Syd
Brogeland
Grøtheim
Lindqvist
Tøndel
1 hj
pass
1 sp
pass
2 sp
pass
pass
dbl
rdbl
pass
pass
2 gr
pass
pass
dbl
pass
pass
3 kl
pass
pass
dbl
pass
pass
pass


 

Dette er eit grelt døme på farane ved å sitja over ein melderunde, vera passiv og «vente og sjå»: Ein får dårleg samvit, og føler ein må aksjonere seinare i meldingsforlaupet i staden. Men risikoen er høgare i balanseringsposisjonar, både fordi ein gjerne er eit steg høgare i meldingane, og fordi motparten har fått utveksla meir informasjon, og såleis har lettare for å avgje velplasserte straffedoblingar.

 

3 kløver dobla kunne gått fire beiter, men det skjedde ein liten glipp i motspelet, då Brogeland ikkje splitta hjarteren, slik at Grøtheims niar kravde kongen frå Lindqvist. 800 vart det likevel, og 7 IMP til lag Hauge.



Av Erlend Skjetne