Frå riktig side

Roman Key Card Blackwood er ein konvensjon dei fleste har god nytte av i dagleglivet. Men også dette populære verktøyet må brukast med omhug, elles kan fylgjene bli fatale.
Ta nord sin plass i fylgjande spel, som skriv seg frå Påskecupen i Soknedal, og tenk igjennom kva du sjølv ville ha gjort.

Suit 1
K kn 9
Suit 2
E kn 8 7 6
Suit 3
K D 9 7
Suit 4
kn
Symbol 12
Vest
Nord
Øst
Syd
1 hj
pass
2 gr1)
pass
3 gr2)
pass
?

1) Stenberg, krav til utgang
2) Tillegg og singel spar

Sørs andre melding er ikkje den mest plasseffektive, men har ein eit system, må ein nesten bruke det. 3 kløver frå sør ville ha synt alle minimumshender, 3 ruter tillegg utan singel, 3 hjarter singel kløver og 3 spar singel ruter, og 3 grand syner fylgjeleg singel i motsett major av opningsfargen.

Nord likte korta sine godt. Det er maks éin spartapar og ingen andre taparar enn eventuelt dei uteverande essverdiane. Nord tenkte difor at det var like greitt å melde Blackwood fyrst som sist, men det kosta blod.

Suit 1
K kn 9
Suit 2
E kn 8 7 6
Suit 3
K D 9 7
Suit 4
kn
Suit 1
7 5 4
Suit 2
2
Suit 3
E kn 10 5
Suit 4
D 6 5 4 3
Symbol 12
Suit 1
D 10 8 6 3 2
Suit 2
K 10
Suit 3
6 4 2
Suit 4
10 2
Suit 1
E
Suit 2
D 9 5 4 3
Suit 3
8 3
Suit 4
E K 9 8 7
Vest
Nord
Øst
Syd
1 hj
pass
2 gr
pass
3 gr
pass
4 gr
pass
5 sp
pass
6 hj
pass
pass
pass

Idet sør svara 5 spar, som synte to ess og trumf dame, innsåg nord kva han hadde gjort. Nord–sør mangla til saman to essverdiar, men no var det umogleg å få stogga under slem.

På ein endå dårlegare dag ville sør hatt hjarter konge i staden for spar ess, og det hadde mangla to reine ess. No stod slemmen på hjarterfinessen, men ein må seia at rettferd skjedde fyllest då denne ikkje gjekk.

Nord var ikkje åleine om å hamne i uføret her. På ti av dei sytten borda vart resultatet 6 hjarter med beit!

Før ein melder Blackwood, må ein alltid tenkje igjennom om ein toler dei ulike svara ein kan få. Her ser nord at 5 spar vil vera problematisk, og han bør difor prøve å få sør til å melde Blackwood. Nord kan til dømes halde fram med 4 kløver, kontrollmelding, over 3 grand. Sør seier no 4 hjarter, og det kan diskuterast om nord i det heile bør melde vidare når sør ikkje har ruter ess og i tillegg ein singel spar som jo oftast ikkje er esset. Men om nord vil gå vidare, bør han gjera det med 4 spar. No kan sør melde 4 grand. Han får svaret 5 ruter, eitt ess, og legg kontrollert av i 5 hjarter.

Nord var noko kritisk til at sør melde 3 grand i utgangspunktet. Men han var vel for sterk til å syne minimum med denne fordelinga? Burde han ha loge på eit eller anna vis? I alle høve låg nok hovudansvaret for denne fadesen i nord.

Av Erlend Skjetne