Gyldig jungellov

At 5-steget høyrer motparten til, er ein gamal regel i bridgen. Men kva om dei redoblar? Vekas spel er frå grunnspelet i World Bridge Games i Buenos Aires i fjor, og du kan få setja deg i stolen til danske Michael Askgaard.
Suit 1
E kn 10 7 6 3 2
Suit 2
6 3
Suit 3
2
Suit 4
kn 5 4
Symbol 9
Vest
Nord
Øst
Syd
1 gr
2 ru1)
4 ru2)
4 sp
dbl
pass
5 hj
dbl
pass
pass
rdbl
pass
pass
?

1) Éin major
2) Overføring til hjarter

Du valde altså å melde inn 2 ruter som éin major i staden for å sperre med 3 spar, som vel er eit alternativ om ein spelar med ordinære metodar. Det angrar du kanskje litt på no? 3 spar hadde vore ei grei skildring av korta dine.

Du likte deg greitt lenge, men redoblinga frå nord var ein strek i rekninga. Du har ei poengsvak hand, og den sjuande sparen gjer at du no nesten har det nokon kallar «minusstikk» i motspel, fordi det godt kan hende at nord er renons i spar. Feigar du ut og melder 5 spar, eller har du tru på beit i 5 hjarter redobla?

Suit 1
-
Suit 2
D kn 8 7 5 4 2
Suit 3
D kn 9 4
Suit 4
K 3
Suit 1
E kn 10 7 6 3 2
Suit 2
6 3
Suit 3
2
Suit 4
kn 5 4
Symbol 9
Suit 1
9 8 5
Suit 2
E 10 9
Suit 3
E K 10 7 3
Suit 4
10 6
Suit 1
K D 4
Suit 2
K
Suit 3
8 6 5
Suit 4
E D 9 8 7 2
Vest
Nord
Øst
Syd
Askgaard
Buras
Konow
Nowak
1 gr
2 ru
4 ru
4 sp
dbl
pass
5 hj
dbl
pass
pass
rdbl
pass
pass
5 sp
dbl
pass
pass
pass

Eg trur nok ikkje Askgaard får nokon pris for uttaket her. Det handlar vel til sjuande og sist om å stole på makker. 2 ruter syner ikkje noka spesielt sterk hand, det kan vera meir som ei sabotasjemelding, og då får det vera makkers eige problem om han no har prestert ei dum dobling av 5 hjarter.

Aktuelt var Konows dobling alt anna enn dum. 5 spar gjekk ei dobla beit, 100 nord–sør, medan dei to beitene i 5 hjarter altså hadde vore av det blåe slaget, og gjeve danskane 600 på bok. På det andre bordet fekk Polen 590 inn i 4 spar dobla, så det hadde butta spelet, medan det no vart 12 IMP i polsk favør.

Danmark vann kampen 46–30 i IMP, 14,18–5,82 i VP, men skulle seinare lide same lagnad som Noreg, då dei tapte åttandelsfinalen sin mot USA. Polen, derimot, vann tevlinga til slutt – sannsynlegvis utan å bruke blålappen like overmodig som Krzysztof Buras gjorde det mot danskane.

Av Erlend Skjetne