Hals over hovud

Ein skal ikkje gjera narr av folk, sjølv ikkje ein som har avgjeve den kanskje dårlegaste meldinga i heile bridge-EM. Heldigvis kan alle feil ved bridgebordet omtalast på bakgrunn av sin instruktive og pedagogiske verdi. Her er eit kasus frå kampen Noreg–Tyrkia i open klasse.
Suit 1
E K kn 8
Suit 2
kn
Suit 3
K 9 5 4 3
Suit 4
6 5 3
Suit 1
D 10 5
Suit 2
K 9 6 5 4
Suit 3
D 7 6
Suit 4
D 2
Symbol 4
Suit 1
6 4 3
Suit 2
E 10 3 2
Suit 3
E kn 10 8 2
Suit 4
4
Suit 1
9 7 2
Suit 2
D 8 7
Suit 3
-
Suit 4
E K kn 10 9 8 7
Vest
Nord
Øst
Syd
Brogeland
Zorlu
Bakke
Sakrak
1 ru
pass
3 kl
pass
4 kl
pass
6 kl
pass
pass
dbl
pass
pass
6 ru
dbl
7 kl
dbl
pass
pass
pass

6 ruter! Makker har vist ein kløver god nok til å hoppe fyrst til 3 kløver og så til slem, og likevel tenkjer du at din eigen skrale femkortsfarge er betre eigna som trumf, berre fordi aust slengjer på ei dobling?

Som vi ser ville 6 kløver ha stått i røyk og damp, noko 6 ruter definitivt ikkje ville ha gjort. Eg synest ikkje sør kan klandrast for å melde 7 kløver heller enn å introdusere 6 spar på tre småe – tilfeldigvis står 6 spar, ved det ein kan kalle eit djevelsk mirakel.

Noko av det verste med spelet var at det å koma seg til 6 kløver var særs godt gjort. Ingen andre par i heile den opne klassen greidde det! Nærast kom Sverige, som vart dobla i 5 kløver og redobla. Kontrollerte var ikkje akkurat dei tyrkiske meldingane til slemmen, det verka ærleg tala som rein gambling, men lell … 6 kløver i hus ville altså ha gjeve ein stor gevinst mot 5 kløver på det andre bordet, medan 7 kløver med beit ikkje gjorde det.

Noreg vann kampen 56–51 i IMP, 11,48–8,52 i VP.

Av Erlend Skjetne