Vest byrja med kløver fire, og eg greidde i det minste fyrste prøve, som var å stikke med esset. Då vest fort byrja med ti kort i fargane sine – hjarter og openbert ruter – var det òg liten grunn til å ta sparfinessen. Eg la ned ess og konge i spar, og valde no å halde fram med ess og konge i hjarter, og så ruter konge. Vest vann med esset og spela ruter knekt opp att til dama. Eg stal ruterkvisten i bordet, men aust kunne stela og fri seg med hjarter. Det var ingen måte å unngå to kløvertaparar på – éi beit.
Fordi aust ikkje støtta hjarteren, noko eg personleg ville ha gjort i gunstig sone, tenkte eg at han kanskje byrja med fordelinga 3–3–3–4, og at vest hadde meldt inn 2 hjarter på ein dårleg femkorts hjarter og ein betre femkorts ruter. Då ville aust, etter rutersteling i bordet og ei hjartersteling på handa, ha vorte innspela på spar dame, og vorte nøydd til å løyse kløveren for meg.
Eg spekulerte i ettertid lenge på om eg kunne ha gjort noko for å spela inn aust slik korta faktisk sat. Tilsynelatande er det betre om eg får stole bort hjarteren tidleg, for då er vel aust innspela idet han stel over ruteren? Men han kan jo berre la vera å gjera det. Kastar han hjarter på ruteren, blir han innspela i spar. Men i eit slik scenario kan han ganske enkelt kaste kløver: Eg har berre éin trumf og tri kløver att på kvar hand. Aust kjem inn og kan plukke av meg dei siste trumfane, og så har han eit hjarterstikk. Om eg tidlegare har spela kløver til dama, har det ikkje noko å seia i ein slik speleplan, det er då berre eitt kort mindre på kvar hand.
Kva kan det ha seg at 4 spar likevel står? La oss spole litt attende. Vi genererer enkelt fylgjande situasjon, der vi har teke ess og konge i båe majorane, undervegs hugsa å spela kløver til dama, og omsider drege ruter konge til esset i vest, som ikkje ville ha tent noko på å lasjere.
1) Minst fire hjarter, og normalt lengre minor