Du sit i aust, og ser makkeren din spela ut ei norsk spar to mot 6 hjarter. Altså byrja han nok med trikorts spar. Etter ein liten tenkjepause vel speleførar å stela i bordet, og dreg deretter tri høge ruter. På dei to fyrste fylgjer sør med toaren og firaren, makker med seksaren og triaren, norsk fordeling. Vest byrja nok med fire ruter, sør med to. Kva gjer du med den tridje ruterhonnøren?
Det du må tenkje igjennom, er kvifor i all verda sør innleier speleføringa på denne måten. Med ein så feit ruter som vil kunne gje han alskens avkast seinare, kvifor går han ikkje laus på trumfen i staden? Det tyder på at han har eit problem han må få løyst litt brennkvikt. Det kan vera i trumf, og det kan vera i kløver.
Byrja sør med esset eller dama sjuande i hjarter, ser vi mildt sagt dumme ut om vi stel lågt, og hjarterhonnørane deretter fell oppå kvarandre. Men mest sannsynleg er det nok at sør byrja med liten singel kløver: Vi veit jo at han har fire spar, to ruter og minst fem hjarter, og dobbel kløver har han neppe, for kva skulle han då kunne tene på å spela all denne ruteren?
Truleg har sør ein sjette hjarter, slik at fordelinga hans frå start var 4–6–2–1. Det kan vera slik at han har ess, dame i hjarter, men ikkje vil ta finessen der med ein gong, av di kongen jo fort kan sitja bak. Men i så fall er det neppe mogleg å rokke ved kontrakten, når vi no ser at på hjarter konge sjølve. Men kva om sør byrja med esset tynt sjette i hjarter?
Sjå kva som skjer om du stel med hjarter seks, når heile spelet aktuelt såg slik ut: