Kritisk avgjerd

Eg trur dei fleste vil vera samde i at utspel er noko av det vanskelegaste i bridgen. I vekas spel var det Boye Brogeland som fekk ei prøve, og han stod. Er du like god? 

Suit 1
E 3 2
Suit 2
8 4 2
Suit 3
D 10 9 4
Suit 4
E kn 10
Symbol 16


 

Vest                     Nord                    Aust                    Sør

B. Brogeland       A. Levin              C. Bakke              J. Roll              

1 kl                      3 kl 1)                  pass                    3 ru

pass                    pass                    dbl2)                    pass

pass                    pass

 

1) Ruter og spar, minst 5–5

2) Opplysande

 

Dette er frå Noregs oppgjer mot Israel i grunnspelet i Bermuda Bowl. Noreg tapte kampen, men Boye Brogeland kunne i det minste gå frå bordet med eit godt siste spel på lista – «ein sukkerbit i botn», som Aksel Hornslien seier.

 

Du har altså opna litt tynt. Du kan gå ut ifrå at makkeren din neppe har ei fantastisk hand då han valde å passe på 3 kløver for så å doble opp i utdøyande posisjon, men du hadde vel ikkje noko særleg anna å gjera med denne doblinga enn å jekke. Kva spelar du ut?

 

Makker har jo synt hjarter ved å doble, så eg trur mange ville ha valt den fargen, sidan dei andre verkar farlegare. Men ein bør ha i minne at bordet altså har minst ti spisse kort, og faren er heilt klårt til stades for at stikka våre i kortfargane i bordet kan forsvinne om vi vel feil i utspel.

 

Brogeland ville sjå an situasjonen, og sørva spar ess. Det var blink, då heile spelet såg slik ut: 

 

Suit 1
D 10 9 6 4
Suit 2
5
Suit 3
E K 7 3 2
Suit 4
6 2
Suit 1
E 3 2
Suit 2
8 4 2
Suit 3
D 10 9 4
Suit 4
E kn 10
Symbol 16
Suit 1
K 7 5
Suit 2
kn 10 6 3
Suit 3
8
Suit 4
K D 9 5 3
Suit 1
kn 8
Suit 2
E K D 9 7
Suit 3
kn 6 5
Suit 4
8 7 4


 

No fekk forsvaret henta fire svarte stikk i tillegg til to trumfstikk, for to beiter og 300 inn. Med hjarter ut fyk kløvertaparane frå bordet, og kontrakten står i røyk og damp.

 

På det andre bordet passa Dror Padon i opning på Brogelands kort, og kontrakten 3 ruter hamna i nord. Kløver ut frå aust var naturleg, så der gjekk kontrakten to raske beit, men dei var altså udobla. 5 IMP til Noreg.

 

Av Erlend Skjetne