Medaljens bakside

Den siste kampen som gjekk i rama i 1. divisjon, var Telemark-laget Øberg mot Hedmark og Oppland-laget Bartnes. Båe laga hadde gode moglegheiter for medalje, men aktuelt vart resultatet, 11,46–8,54 i favør Bartnes, akkurat slik at ingen av dei fekk det: Møre og Romsdal Kindsbekken sneik seg imellom med ein kalassiger i siste kamp, og sikra bronsen attom Hordaland Charlsen og Rogaland Hauge.

 

Her er eit spel der både Bartnes og Øberg kunne ha meldt seg fram til bronse:    



Suit 1
E D 10 9 7 3
Suit 2
9 3
Suit 3
D 9 6 4
Suit 4
4
Suit 1
8 6 5
Suit 2
10 8 5 2
Suit 3
kn 7 2
Suit 4
7 5 3
Symbol 8
Suit 1
K kn
Suit 2
E K 7 6
Suit 3
K 10 5 3
Suit 4
9 8 5
Suit 1
4 2
Suit 2
D kn 4
Suit 3
E 8
Suit 4
E K D kn 10 6




                   Vest                     Nord                  Aust                      Sør

                   K. Jørstad           Fyrun                 R. Jørstad    Andersbakken                 

                                                                          1 NT                      2 sp1)

                   pass                     pass                  pass

 

1) Overføring til kløver

 

                   Vest                     Nord                   Aust                     Sør

                   Evenstad             Frydenberg       Lunna                   Lillevik

                                                                           1 ru                       dbl

                   pass                      4 sp                   pass                    5 kløver

                   pass                      pass                  pass

 

Neppe dei stoltaste meldingsforlaupa nokre av dei to nord–sør-para har opplevd. Som vi ser er 3 grand temmeleg vasstett, og 4 spar bør òg kunne vinnast slik det sit, ettersom aust kan plasserast med det meste av honnørpoeng.

 

Ifylgje systemkortet bruker Jørstad–Jørstad frå Kragerø 15–17-grandar i sona, så Ronny Jørstad trefte svært godt med den harde oppvurderinga av 14-poengaren sin, ei melding eg sjølv aldri ville ha produsert. Ove Arvid Andersbakken kunne ikkje doble, då dette i høve til avtala syner minor og major. Dimed fall valet på 2 spar, overføring til kløver. Eg veit ikkje kva han hadde tenkt å gjera over makkers forventa 3 kløver, men så langt kom aldri meldingsforlaupet.

 

I 2 spar vart det ti stikk. Byrjar vest i ruter, forsvinn hjarterane i bordet tidleg på kløver, og byrjar han i hjarter, får forsvaret aldri fatt i noko ruterstikk. Sparen greidde Andersbakken sjølvsagt å toppe ut.

 

På det andre bordet fekk Runar Lillevik ei svært vanskeleg avgjerd. Faren for at makker byksar i spar er det største problemet med å doble opplysande på sørs hand her, men ein føler jo saktens at ein har styrken til ei dobling. Idet 4 spar ligg i disken, kan sør sjølvsagt gamble på pass, men makker kan jo godt ha berre femkorts spar og 5 kløver vera ein betre kontrakt. Ein sjeldan gong kan det vel òg hende at nord har til å melde slem når han får høyre kva handtype sør har.

 

5 kløver var aktuelt ein sjanselaus kontrakt, som gjekk to beiter.

 

Dimed fekk lag Bartnes inn 7 IMP på spelet. Hadde dei meldt og vunne 4 spar, ville dei i staden fått 11 IMP, ein stor nok differanse til å gå forbi lag Kindsbekken og få bronsen.

 

Hadde Lillevik derimot passa 4 spar, og Frydenberg spela den kontrakten heim, ville Øberg ha vunne 6 IMP i staden for å tapa 7, ein differanse på 13. Dei ville ha då ha vunne kampen med 7 IMP og fått 11,68 VP, nok til å gå forbi både Lunna og Kindsbekken og hente bronsemedalje.

 

Småe marginar!  



Av Erlend Skjetne