Men i denne vekas spel er det nettopp Thoresen som syner seriemeistertakter. Kva ville du ha spela ut etter dette meldingsforlaupet
Problemet med slike utspelsprøver er naturlegvis at det å gje noko som ei prøve, i seg sjølv signaliserer at ein må tenkje litt utanfor boksen. Ein døll trumf er altså neppe løysinga denne gongen, kanskje heller ikkje hjarter knekt – som ein nok likevel bør styre unna etter hjarteropninga i nord. Kva då med minorane – kanskje kløver ess i von om å få ei steling?
Vel, innan no har du kanskje allereie skjøna det. Med forventning om ei sterk hand i bordet, plukka Thoresen fram ei sylfrekk kløver fem. Ein kan neppe påstå at det alltid er rett, men det vart iallfall ein innertiar denne gongen:
Det kan godt hende at Bjørn Olav Ekren, som var vore ute ei vinternatt før, kika seg til venstre og seriøst vurderte å gå opp med kongen. Men ein kan liksom ikkje gjera det lell, fordi det ser så skrekkeleg dumt ut alle dei gongene vest faktisk har valt eit heilt normalt utspel frå dama.
Då knekten vart lagd i bordet, var kontrakten daud. På det andre bordet spela Høyland–Ovesen 3 spar med heile elleve stikk etter trumfutspel, så det vart 6 IMP inn til lag Thoresen i staden for like mange ut om kontrakten hadde gått i hus.
Mykje kan seiast om spelet i 4 spar; heilt opplagt er utgangen ikkje på grunn av dårleg kommunikasjon, men den står alltid i teorien. Det vil nok i praksis ofte koke ned til eit kløverval – gjeve at vest på eit tidspunkt i spelet skifter liten kløver – men då er plutseleg fråværet av kløverutspel i seg sjølv ein indikasjon på at vest har esset og aust dama. Faktisk var det i heile salen berre to speleførarar som gjekk beit i 4 spar.
Lag Thoresen vann kampen 47–33 i IMP, eller 13,15–6,85 i VP.
Av Erlend Skjetne
10 4 2
kn 10 8 2
E D 8 7
E 5
Vest
Nord
Øst
Syd
Thoresen
Berset
Eide
Ekren
1 hj
pass
1 sp
pass
2 gr
pass
4 sp
pass
pass
pass
E K
D 9 5 4 3
K kn 9 4
K kn
10 4 2
kn 10 8 2
E D 8 7
E 5
8 6
E 6
10 6 2
D 9 8 4 3 2
D kn 9 7 5 3
K 7
5 3
10 7 6