Kva kort plukkar du fram mot 5 spar? Det kan vera rett å gisse på ein minor, men du anar ikkje kva for ein. Makker hadde òg høve til å melde 3 i ein minor som ei utspelsdirigering, men gjorde det ikkje. Det er heller ikkje noko som talar spesielt for trumf ut, tvert imot kan det verke som at motparten manglar nokre nøkkelkort ein stad når dei buklandar på 5-steget, og då er det nok best med eit aktivt utspel.
Di eiga side har meldt og støtta hjarter, eit eventuelt hjarterstikk eller to kan fort forsvinne, så du kan like gjerne byrja i hjarter. Men med kva for ein? Det normale er knekten, andre gonger kan ein kanskje prøve ein liten for å indikere ein eller annan skift. Men med den anemiske handa di, kan det vera mykje meir verd at du sjølv får vera inne i ein augneblink. Beita kan kanskje liggje i eit gjennomspel av blindemann, viss makker til dømes har hjarter ess i tillegg til ess, dame i ein minor. Så kvifor ikkje sørve hjarter konge?
Av Erlend Skjetne