Reddande engel

Skvisen kan koma som ein reddande engel i bridge, og nokre gonger treng ein ikkje eingong å påkalle han. 



Suit 1
E 10 8 7 3
Suit 2
K D 9 7
Suit 3
K 9
Suit 4
6 5
Symbol 9
Suit 1
K 6
Suit 2
5 4 3 2
Suit 3
E kn 5 3
Suit 4
K 8 7
Vest
Nord
Øst
Syd
Løhre
Berg
1 kl
pass
1 hj1)
pass
1 gr
pass
2 ru2)
pass
2 hj
pass
4 hj
pass
pass
pass

1) Overføring
2) Utgangskrav



Då KM lag vart spela i Sør-Trøndelag krins for nokre månader sidan, gjekk lag Opp og ned av med ein marginal siger. På laget spela Arnt Ola Løhre–Ivar Berg og Stein Bjerkset–Asgeir Langen. Lag 4 H, med Olav Arve Høyem–Aksel Hornslien og Per Haltbrekken–Arnfinn Helgemo, leia før den siste kampen, men så skulle dei to topplaga møtast innbyrdes. Denne vekas spel vart utslagsgjevande.

 

Ivar Berg opna tynt og hamna i ein hard, men langt frå sjanselaus utgang. Idet vest byrjar med kløver tre til esset og aust returnerer kløver ni til kongen, ser det ganske lyst ut. Du kan jo tenkje litt på korleis du sjølv ville ha spela, før vi høyrer korleis Berg trakterte korta.

 

Vel, eigentleg spela han rett etter nasen: Hjarter til kongen i tredje stikk. Tiaren fall frå aust. Spar attende til kongen, ny hjarter mot bordet. Vest legg lågt, kva legg du? For å seia det på ein annan måte: Byrja aust med knekt, ti dobbel i hjarter, eller tiaren singel?

 

Berg resonnerte nok som så: Det gjer ingenting om eg legg hjarter ni og aust vinn med knekten, for han har neppe meir trumf å spela, og då har eg to trumf på kvar hand og kommunikasjon nok til å få stole god og henta sparen om han ikkje sit verre enn 4–2.

 

Hjarter ni vart altså lagt, og aust kasta kløver, som eigentleg var dårlege nyhende. Så måtte sparen i aksjon, altså spar ess og spar til steling.

 


Men den tredje sparen kunne vest stela over med hjarter knekt, og han tok også hjarter ess, som aust kasta ny kløver på, og spela kløver knekt som måtte stelast i bordet. Sør hadde no ikkje fleire trumf, så sparen kunne ikkje utnyttast – eller …? Jau då, på hjarter dame vart det tungt for aust, då heile spelet såg slik ut:


Suit 1
E 10 8 7 3
Suit 2
K D 9 7
Suit 3
K 9
Suit 4
6 5
Suit 1
kn 5
Suit 2
E kn 8 6
Suit 3
8 7 4
Suit 4
kn 4 3 2
Symbol 9
Suit 1
D 9 4 2
Suit 2
10
Suit 3
D 10 6 2
Suit 4
E D 10 9
Suit 1
K 6
Suit 2
5 4 3 2
Suit 3
E kn 5 3
Suit 4
K 8 7


 

Aust var altså, i stikket der makkeren hans spela den siste kløveren til steling i bordet, skvisa i spar og ruter. Han gjorde sitt beste ved å kaste ruter i von om å finne makkeren med knekten, men nokre honnørpoeng måtte jo nesten Berg òg ha, og via ein finesse fekk han fatt i fire ruterstikk.

 

Dette gav lag Opp og ned 6 IMP, då resultatet på det andre bordet vart 3 hjarter med ni stikk. Det var nok til å vinne kampen 17–10 i IMP, og tevlinga med 130,62 VP framfor 4H sine 130,23.

 

Om vest hadde skift ruter etter å ha teke hjarter ess, ville nok Berg ha greidd å stikke i bordet for ikkje å blokkere fargen. Analyseprogrammet seier at det står berre ni stikk i hjarter, men truleg fordrar dette at vest byrjar med ruter, som øydelegg moglegheita for skvis.

 

Ein liten kuriositet: Det «riktige» valet i hjarter var eigentleg heilt utan tyding for spelet vidare. Vest må få to trumfstikk likevel, så det kostar ingenting om ein vinn andre hjarterrunde med dama i staden for niaren i bordet.




Av Erlend Skjetne