K 10 9
8 6
E kn 6
E D 6 5 3
D 8 5 4 3 2
E
10 9
kn 8 4 2
E kn 7 6
K D 10 5 4
K
10 9 7
-
kn 9 7 3 2
D 8 7 5 4 3 2
K
Vest
Nord
Øst
Syd
Wei
Hampson
Liu
Greco
1 hj
pass
1 sp
dbl
2 sp
3 sp
4 sp
dbl
pass
5 ru
pass
pass
pass
At ein motspelar i ein situasjon som denne ikkje dekkjer, aukar alltid sjansen for at han ikkje har kongen. Har ein kongen, er det jo mange gonger rett å dekkje, og ofte vanskeleg å vita når det ikkje er rett (om bordet hadde hatt noko à la ess, knekt, ti i ruter, ville det sjølvsagt ha stilt seg annleis). Men her var nok honnørpoenga likevel det viktigaste argumentet for Greco. Aust, som opna, har altså maks 5 honnørpoeng i hjarter, og truleg har han heller ikkje meir enn 5 i spar, og i kløver har han maks ein knekt. Sjansen må altså vera stor for at ruter konge sit bak. Greco gjekk opp på esset og noterte soneutgang i hus. Skulle det koma eit anna utspel, til dømes ein spar, vil det vera ei god investering for sør å prøve seg med ein hjarterrunde før han går på ruteren. Når esset kjem til syne, har sør gjeve seg sjølv ein god sjanse til å treffe rutervalet. Spelet gav lag Nickell 11 IMP, og var eit viktig bidrag på veg mot den ærefulle tittelen. Av Erlend Skjetne