Som mange vel har fått med seg, vart det lag Charlsen som vann 1. divisjon, framfor lag Johansen. Desse to laga var mot slutten dei einaste to som kunne vinne, men Charlsen forsegla det heile ved å hente nesten full pott i siste kamp. Bronsen gjekk til lag Bogø.
Vi skal sjå på eit interessant spel frå oppgjeret mellom gull- og bronsemedaljørane.
7
kn 10 4
E K 10 6 3
K D 8 6
K D 10 3
E D 3
D kn
7 5 4 2
kn 2
K 9 8 6 5 2
9 8 5 4
3
E 9 8 6 5 4
7
7 2
E kn 10 9
Vest Nord Aust Sør
Heiberg- Hoftaniska Evenstad Andresen
Evenstad
1 sp
pass 2 ru pass 2 sp
pass 2 gr pass 3 kl
pass 3 hj pass 3 gr
pass pass pass
Vest Nord Aust Sør
Bakke Lunna Helgemo Forfot
1 sp
pass 2 ru 2 hj 2 sp
3 hj pass pass 4 kl
pass 5 kl pass pass
pass
Her ser vi meldingsforlaupet på dei to borda. Thor Erik Hoftaniska–Martin Andresen har venteleg allereie diskutert saka; det ser ut til å ha vore tvil om tydinga av 3 hjarter. Det dukkar opp ein del slike situasjonar som nok kan vera diffuse i mange makkerskap: Når er introduksjonen av ein ny farge som openbert ikkje skal vera trumf, berre ei slags avventande kravmelding, og når viser ei slik melding hald?
Mot 3 grand i nord hadde Stian Evenstad eit opplagt hjarterutspel, og kontrakten gjekk to kjappe beit. Den står vel å merke ikkje utan hjarterutspel heller; det manglar eit stikk.
På det andre bordet vart rytmen ein heilt annan, då Geir Helgemo gjekk inn med 2 hjarter og fekk støtte frå Christian Bakke. Karl Morten Lunna hadde no inga god melding, men passen hans var krav etter at han fyrst hadde meld 2 over 1. Dimed var Forfot tvinga til å finne på noko, så han introduserte sidefargen sin, og ein glimrande utgang vart nådd.
Etter to gonger hjarter ut til steling, hadde Forfot elleve stikk på kryssteling – åtte kløverstikk, ess, konge i ruter og spar ess.
Faktisk er det beit i 5 kløver med trumf ut. Det utspelet øydelegg moglegheita for å vinne på kryssteling, og skeivsitsen i trumf gjer at speleførar heller ikkje får utnytta nokre av sidefargane til fulle.
Trumfutspel var kanskje ikkje heilt utelukka, med så mykje snacks i majorfargane? Dame, knekt blokk i ruter kan naturlegvis gjera at den fargen rullar for speleførar, men med fire trumf er det kanskje truleg at ein har ein viss kontroll likevel, og ikkje treng å vera redd for at eventuelle hjartertaparar pilar?
No vel, alt er lett for dei etterpåkloke. Lag Bogø vann 13 IMP på dette spelet, men tapte likevel kampen 12,33–7,67 i VP.
Av Erlend Skjetne