Riktig slem?

Det er ikkje vanskeleg å klaske i veg til ein slem, men det er ikkje alltid lett å vita kva for slem ein skal velja. Vekas spel, frå ein sumarbridge i Trondheim, baud på ei god vurdering av Karl Morten Lunna. Du kan få meldeprøva i nord. 



Suit 1
E
Suit 2
10 7 4
Suit 3
E K 8 6
Suit 4
E K D 8 5
Symbol 12





Makkeren din opnar i fyrste hand med 1 hjarter, og du melder naturleg 2 kløver. Makker melder 2 grand, 12–14 balanserte, og i BIN standard er 3 hjarter no ei normal melding, som krav og sleminvitt. Sør kontrollmelder 3 spar, altså har han nok spar konge. Med kontroll i alle sidefargar kan du like gjerne melde Blackwood. Du får 5 hjarter, to ess utan trumf dame. Kva no?



Med ein steleverdi er det lett å tenkje at 6 hjarter er det naturlege, men ein bør prøve å telja stikk. Det er altså minst to toppstikk i høvesvis ruter og spar. Så har ein tri toppstikk i kløver, og er oppe i sju. Går hjarteren, er ein straks på tolv. Går han ikkje, gjeld jo dette både i hjarter og grand. Det kan sjølvsagt, på ein dårleg dag, vera slik at det er tretten stikk i hjarter på grunn av ei sparsteling i bordet, og berre tolv i grand. Men sør har fort noko meir enn spar konge og ess, konge og eventuelt knekt i hjarter. Dessutan er det ein sjanse for at kløveren rullar, jamvel mot to småe i sør. Dimed kan det faktisk vera slik at 6 grand står medan 6 hjarter er beit, om hjarteren sit skeivt.



Slik tenkte Karl Morten, og melde 6 grand. Det vart veldig riktig denne gongen.   




Suit 1
E
Suit 2
10 7 4
Suit 3
E K 8 6
Suit 4
E K D 8 5
Suit 1
kn 4 3
Suit 2
kn 9 3
Suit 3
kn 10 7 4 2
Suit 4
10 6
Symbol 12
Suit 1
D 10 9 8 6 5 2
Suit 2
D 5
Suit 3
9
Suit 4
7 4 3
Suit 1
K 7
Suit 2
E K 8 6 2
Suit 3
D 5 3
Suit 4
kn 9 2
Vest
Nord
Øst
Syd
Nyheim
Lunna
Hauan
Skjetne
1 hj
pass
2 kl
pass
2 gr
pass
3 hj
pass
3 sp1)
pass
4 gr
pass
5 hj2)
pass
6 gr
pass
pass
pass

1) Kontrollmelding
2) To ess utan trumf dame





Aktuelt var tolv stikk grensa i hjarter, men du ser vel kva som skjer med vest i 6 grand? Dei svarte stikka skvisar henne ubønhøyrleg i dei raude fargane, og tretten stikk kan bokførast.



Aktuelt gav 1020 ren topp, men du ser kanskje òg kva kontrakt som er endå betre nord–sør? 7 kløver er nedlegg ved å kaste ein hjarter på spar konge, stela god hjarteren og seinare hente han til ruteravkast. Men eg veit verkeleg ikkje korleis storeslem i kløver skal kunne meldast i eit naturleg system; hjartertilpassinga er liksom litt i vegen. Kanskje du og makkeren din sit på løysinga?



Av Erlend Skjetne