1 kløver frå makkeren din viser minst trekorts. Kva sørvar du?
Spar verkar uaktuelt, og ruter òg, sidan makker med ein feit firekortsfarge der kunne ha dobla 3 ruter, men altså ikkje gjorde det. Kløver frå dobbel knekt mot det som kan vera lite eller ingenting i kløver hjå makker, er vel heller ikkje særleg freistande, eller? I hjarter har vi jo seks blad og ein hyggeleg sekvens?
Det er eit problem med moderne kløveropningar som ikkje lovar all verda til kløver, at det ofte blir vanskeleg for makker til opnaren å finne kløver ut dei gongene det faktisk er riktig. Men her klinka Boye Brogeland til med kløver knekt i utspel!
Det var det som måtte til, då heile spelet såg slik ut:
Med kløver ut fekk Brogeland–Bakke sving på sin farge før speleførar rakk å setja opp sine stikk, og det måtte bli beit. Hjarter ut gjev heimgang – rett nok under føresetnad av at sør, dersom aust inne på fyrste spar skifter kløver, dunkar ut aust sitt sparinntak før han gjev seg på ruteren. På det andre bordet var det umogleg for vest å pinne utspelet, i og med at aust opna med ein veik grand i staden for kløver, og med hjarter ut og hjarterframhald inne på spar dame, vart det 600 til bokføring.
Makkers farge i utspel mot grand, er no det verkeleg noko å skrive om? Vel, på fem bord i dei andre kampane i kvartfinalen hamna sør i 3 grand etter kløveropning i aust, og på alle desse fem borda gjekk kontrakten heim etter hjarterutspel. Så det er trygt å seia at Brogeland gjorde noko lurt som ingen andre greidde.
Ein liten fordel hadde vel Brogeland av at nord melde 3 ruter, som gav aust eit høve til å doble dersom han skulle ha god ruter. Men det vesentlege er kanskje dette: Aust støttar ikkje hjarteren, og har difor truleg maks to av sorten. Sjansen for at vest skal få godspela og i tillegg henta hjarterstikk når han berre har eitt sideinntak, er dimed svært liten. Makker har normalt maks fem majorkort og altså ikkje all verda til ruter, så kanskje det rett og slett er odds for at han har den fargen han opna i?
Trass i dette gode spelet greidde diverre ikkje Bakke–Brogelands lag Gillis å vinne kvartfinalen sin mot lag Bici. Italienarane på dette laget tapte i sin tur seminfinalen mot lag Zimmermann marginalt, før Zimmermann også vann finalen.
Av Erlend Skjetne
1) Spar, minst invitt