Syltynn storscore

Den unge gauldalingen Arnt Ola Løhre var misnøgd med eigen innsats i denne vekas spel, som skriv seg frå ei norsk BBO-tevling nyleg. Med ein viss rett, får ein kanskje seia: Han hadde iallfall sjansen til å få til eit svært pent spel.   



Suit 1
10
Suit 2
E kn 10 8 5
Suit 3
E 7
Suit 4
K kn 10 6 5
Symbol 8
Suit 1
E 8 5 4 3
Suit 2
K
Suit 3
kn 6 4
Suit 4
E D 8 2
Vest
Nord
Øst
Syd
Bjerkset
Løhre
pass
1 sp
pass
2 hj
pass
2 sp
pass
2 gr1)
pass
3 kl
pass
4 kl
pass
4 hj2)
pass
4 gr3)
pass
5 sp4)
pass
7 kl
pass
pass
pass


 

Mot denne spreke kontrakten – temmeleg hardmeldt av nord – byrjar vest interessant nok med ruter dame. Aust–vest har ingen spesialavtaler, så anten er utspelet ein lurevariant frå konge, dame, eller så er det frå dobbelton eller singelton. Idet du stikk med esset, fylgjer aust med trearen, som unekteleg ser ut som styrke. Korleis ville du ha ført korta?

 

Løhre såg jo straks at framtida låg i hjarteren, som sør altså må greie å bli kvitt to ruter på. Men sørhanda må òg ha att ein trumf til å få stole bordets ruterfille, så korleis løyse dette?

 

Spørsmålet er om ein ikkje rett og slett bør satse på hjarter dame i aust, og ta ein «finesse» der mot trumf på handa. I alle tilfelle fekk Løhre ein god start, då han byrja med hjarter til kongen, spar ess og spar til steling, hjarter til steling, spar til steling og hjarter ess med ruteravkast – som felte dama i aust. Kva no?

 

Du er komen i den situasjonen at kontrakten enkelt er heime med trumfen 2–2. Det er berre å ta to trumfrundar, cashe den fjerde hjarteren med endå eit ruteravkast, og så bruke den siste trumfen på handa til å stela den siste ruteren i bordet.

 


Slik spela Løhre, men då vart det beit, då heile spelet såg slik ut:


Suit 1
10
Suit 2
E kn 10 8 5
Suit 3
E 7
Suit 4
K kn 10 6 5
Suit 1
K D 9 6
Suit 2
9 4 3 2
Suit 3
D 2
Suit 4
7 4 3
Symbol 8
Suit 1
kn 7 2
Suit 2
D 7 6
Suit 3
K 10 9 8 5 3
Suit 4
9
Suit 1
E 8 5 4 3
Suit 2
K
Suit 3
kn 6 4
Suit 4
E D 8 2


 

Spørsmålet var om trumfen eigentleg kunne sitja 2–2: Om utspelet var ærleg, må jo aust ha byrja med minst seks ruter. I tillegg har han smått om senn synt fram tre spar og tre hjarter, og då gjev matematikken seg sjølv.

 


Vi spolar attende til det kritiske tidspunktet, idet hjarter ess nettopp har vorte casha.


Suit 1
-
Suit 2
kn 10
Suit 3
7
Suit 4
K kn 10
Suit 1
K
Suit 2
9
Suit 3
2
Suit 4
7 4 3
Symbol 8
Suit 1
-
Suit 2
-
Suit 3
K 10 9 8 5
Suit 4
9
Suit 1
8 5
Suit 2
-
Suit 3
kn
Suit 4
E D 8


 

Når kløver ti no blir trekt frå bordet, og aust fylgjer med niaren, byrjar det verke sannsynleg at han er eit ærleg kort, altså singelton. I så fall er det berre å la blindemann vinne dette stikket, og skifte attende til hjarter: Aust kan ikkje trumfe, og vest må servilt fylgje farge, idet sør blir kvitt den siste ruteren sin. Så går ruter til steling med kløver ess, og kløver dame kan stikkast over med kongen. Kløver knekt drep den siste trumfen i vest, og hjarter knekt er kontraktstikket.

 

Hadde ikkje dét vore noko å skrive heim om?



Av Erlend Skjetne