Nord opnar 1 ruter, sør svarar 1 spar. Nord bør no, i høve til normale prinsipp, melde 2 kløver. Vanleg praksis er at ein med ei veik 6-4-hand gjenmelder sekskortsfargen sin, medan ein med ei sterkare hand melder firekortsfargen, for så å kunne syne fram litt styrke ved etterpå å gjenmelde sekskortsfargen.
Over 2 kløver kan det vera ei god avtale at 3 hjarter frå sør syner 5–5 og gode kort; då er i alle fall 7 hjarter klårt innanfor rekkjevidde. Men det er ei litt skummel melding med så god ruterstøtte jamsides, for det luktar jo slem i ruter her, om ein berre kan få kontroll.
Sei at sør melder fjerde farge krav, 2 hjarter, over 2 kløver. Nord seier 3 ruter, som altså syner ei god hand med 6–4. Tør du som sør å melde 5 kløver som Exclusion Blackwood no? Kanskje er det det det bør vera, men ein må vurdere risikoen for at makker misforstår – han har trass alt meldt kløver.
Når du no fyrst melde 2 hjarter, vil tydinga av 3 hjarter vera noko uklår, så slik sett verkar 4 ruter, iallfall i singeltevling, som den sikraste meldinga for å få fastslått trumfen. Om det blir valet, kontrollmelder nord kanskje 4 hjarter, og så spørst det om sør har noko særleg mykje betre å melde enn Blackwood.
Det er ikkje ideelt, men ein har jo eigentleg bestemt seg for slem, og får ein bonus når makker no syner fram tre ess med 5 kløver. 5 hjarter spør vidare etter trumf dame, og nord viser med 5 grand at han har den, men ikkje noko spesielt anna ekstra.
Det er diverre ikkje heilt nok. Sør kan trygt melde storeslem, men i 7 grand kan det framleis mangle eit stikk. Skal ein koma dit, er det kanskje nesten ein føresetnad at nord–sør (eller iallfall éin av partane) greier å avdekkje at hjartertilpassen er så god at ein sannsynlegvis har fem hjarterstikk, ikkje berre tre.
Korleis dette bør løysast, veit ikkje eg. Ynsket mitt var berre å kaste ut ein liten brannfakkel, og så vonar eg at spelet kan skapa heftig debatt mellom deg og makkeren din. I Proffen-cupen fekk Arve Olav Nordskag, som vart nummer to totalt, rein topp saman med makker Svein Skagestad på melde og vinne 7 hjarter.
Av Erlend Skjetne