I oppgjeret mot sterke lag Bogø var det jamt ved halvtid, før Bogø fekk overtaket og vann 54–34 i IMP, 14,26–5,74 i VP. Men undervegs kunne unge Thea Hove Hauge mellom anna notere seg ein pen slemsving inn mot sjølvaste Helgemo–Kristoffersen.
På det andre bordet valde Åsmund Forfot å passe i opning i sør. Med to feite firekortsfargar – derimellom spar – pluss to steinharde ess, ein velplassert konge, ein tiar, to niarar og gode utsikter til soneslem eller soneutgang, framstår dette som nokså svakt, og straffa vart då også knallhard og etter mitt skjønn rettferdig: Forfot–Lunna brende slemmen.
Slik korta såg ut, var ikkje slemmen vasstett, men det var særs naturleg for John Helge Herland å melde han med nords pene vifte. Då Hove Hauge fekk ruter dame ut til esset og spar i skift, var det ingenting å spela om – 1430 og 13 IMP. Hadde Helgemo skift kløver, måtte Hove Hauge ha susa opp på esset, teke ut trumfen og satsa på å stikke over den siste sparhonnøren, noko som òg ville ha gjeve heimgang.
Tilsynelatande ville eit hypotetisk kløverutspel ha gjeve Hove Hauge eit ukomfortabelt val, men denne gongen er det umogleg å gjera feil, for om ein skulle bomme kløvervalet, vil rutertaparen forsvinne på sparen. Utspelaren er altså utsett for ein slags variant av fenomenet Morton’s Fork, som er eit val mellom to vonde. Dette er grunnen til at 6 hjarter også står i nord sjølv med kløverutspel, naturlegvis så lenge speleførar ikkje lèt seg freiste til å sleppe utspelet frå aust.
Av Erlend Skjetne
K D kn
E K D kn 8 4
8
D 9 8
8 5 2
3
D kn 9 5 3
K 7 5 2
10 6 3
10 7 5 2
E 10 7 4
kn 6
E 9 7 4
9 6
K 6 2
E 10 4 3
Vest
Nord
Øst
Syd
Kristoffersen
Herland
Helgemo
Hauge
pass
1 kl
1 ru
2 ru1)
3 ru
pass
pass
4 ru2)
pass
4 hj
pass
4 gr
pass
5 hj
pass
6 hj
pass
pass
pass
1) Overføring til hjerter
2) Ny overføring